tirsdag 6. juli 2010

What happens in Vegas, stays in Vegas..

Framleis sparsommeleg med internett her, men Starbucks reddar oss nok ein gong. I tillegg gir det Hans Jakob litt betre samvit til å kjøpe sin sedvanlege kvitsjokolademocca.

Tida i Vegas til no har stort sett gått med til avslapping og solslikking ved bassenget, handling (surprise surprise), og svært lite gambling. Vi har nemleg funne ut at vi syns det er kjekkare å vere på arcade'n (leikerom for borna med diverse tvspel og kroneautomatar) enn i casinoet der dei vaksne leikar.

I går var det storstilt feiring av Independence Day (merkedagen, ikkje filmen). Vi nytta høvet til å ta Stripa nærare i augesyn, og fekk med oss eit storstilt fyrverkerishow med nasjonalsongen og God Bless America, det heile tårevått framført med utallige modulasjonar.


Vi er framleis litt usikre på kva vi skal gjere etter veka vår her i Vegas. Men foreløpig har vi to alternativ, enten camping i Grand Canyon eller ein tur tilbake til San Diego. Vi er nemleg framleis svoltne på surfing.

Elisabeth nyt noko av det amerikanerane er best på.

3 kommentarer:

Solveig sa...

No e det bestemt. Neste gang dokke ska på ferie så har ej lyst å være me! Ok? fint, da sei vi det slik!

Jeanette sa...

Camping i Grand Canyon?
Blikje dokke kokt då?
Dokke må stikke til L.A!

Hans Jakob sa...

Neste gong me skal på utsett bryllaupsreise til USA i ein månad skal du lett få vere med.

Vert nok varmt ja, men i følgje ein særing me møtte på bussen her (!) er det ikkje slik at det byr på for store problem for unge friske folk som oss.. :)
Me reiser til LA den 12.!