onsdag 25. februar 2009

Enda ei oppdatering

I kveld har eg vore på kunstutstilling. Ute. Faktisk var det kunst på Nidarosdomen. Med Hans Jakob sitt kamera over skuldra tok eg turen saman med Reidun. Sidan eg ikkje er nokon særleg god fotograf fekk eg berre eit (nesten) klart bilete. Tenkte eg måtte dele med dykk som ikkje bur i Trondheim at det er verdt å ta turen hit og sjå Trondheim si stoltheit!

tirsdag 24. februar 2009

Oppdatering
Etter fleire oppmodingar om oppdatering frå ulike jenter med namn Solveig, kjem no den etterlengta oppdateringa i form av ein biletblogg. Her tek vi dykk med i eit dykk i biletarkivet frå dei to første månadane som nygift!

Her er to bilete av kjolen Solveig. Samt to gode augneblikk under vigsla!


Deretter vart det sofa på oss.


Og når den var komen i hus, var vi klare for kombinert bursdags- og innflyttingsfest!




Etter dette vart det nokre rolige dagar før familien byrja å kome på besøk :)

Først ut var Rut, og helga etter kom mamma og pappa.


Med Rut var vi på tur til Festninga, ein tur i byen og elles heime.

Med mamma og pappa gjekk helga til eting, avslapping, ein tur i byen og elles til GuitarHero!



Vi storkosar oss i her i Trondheim. Dersom det fristar å kome på besøkø til oss er de hjertelig velkomne! Vi har gjestesenger og stort hjerterom! No nærmar det seg eksamen for Hans Jakob, så det spørs om det vert noko meir skriving før vi kjem att frå herleg avslapningstur til Riga!