onsdag 14. juli 2010

Grand Canyon

Dagane flyg av garde og vi er nok ein gong litt på etterskot med blogginga.. Her kjem ei oppdatering frå helga i Grand Canyon.

Laurdagen gjekk vi langs sørenden av kløfta. Dette var ein tur på ca ei mil, på til dels asfalterte "stiar" med god utsikt. Vi kunne velje om vi ville ta buss eine eller andre vegen, langs ruta vart vi heile tida minna på kor langt vi hadde att, og det heile var i stor grad turistifisert med til dømes store moglegheiter for å trille din eigen trillekoffert med på turen. Hiking altså!

Til og med dyra langs vegen var så van med folk at dei poserte ivrig. Denne vesle krabaten her hoppa omtrent opp i fanget på Hans Jakob.


Og sist, men ikkje minst. Delar av "stien" kunne ein sykle, og med slike fareskilt skulle det heile vere ei ganske så trygg oppleving. Det må seiast at det verken var særleg svingete, bratt eller store behov for å ta det rolig. Vi angra på at vi ikkje tok med longboarda. Det hadde vore noko det!

3 kommentarer:

Lina sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Lina sa...

Synes ikke dere trenger å posere eller stå på henda så nærme kanten (håper bildet juger). Ellers veldig fine bilder:)

Morsommt med skiltinga, det skal ikke mye til før det er fare for liv og helse for amrikanerene :D

Hans Jakob sa...

Jepp! I dette landet hev dei til og med sikkerhetsinstruksjonar på dørmattene. Dei er ikkje leiker og kan, obs obs, verte glatte når dei vert våte.