torsdag 18. mars 2010

Reklame

Eg trur nesten eg må drive litt reklame på bloggen. Heidi, storesøstra mi, har starta eit firma som heiter Intempo som driv med leseopplæring for barn frå 3 mnd og oppover. Og 2. juni skal ho ha kurs for foreldre som har lyst å lære barnet sitt å lese her i Trondheim! Ho har og kurs andre stadar i Noreg. Så sjekk ut linken ovanfor om du har lyst å lære språkleiken Bravo, eller kjenner nokon som kunne hatt lyst til å lære leiken! Det funkar! :)

mandag 15. mars 2010

Volleyballtreff 2010

Eit av årets høgdepunkt er over.. Volleyballtreffet 2010 var denne helga på Sagavoll FHS. Nok eit kjempekjekt treff med full innsats på volleyballbana. Sidan det opphavlege a-laget var noko amputert med berre to deltakarar, redda kremen av b-laget oss! :) Vi har hatt ei kjempehelg i ei kjempekjekk pulje med fire innleiande kampar som vi vant. Semifinala vart spelt kl 0700 søndag morgon, og då haldt vi ikkje tritt med fjorårets kull som tok sigeren. Likevel må vi seie oss svært nøgde med eigen innsats, og neste år. Då..

Merethe, Tone, Ingeborg, Silje, eg og Randi.
Herleg gjeng!

søndag 7. mars 2010

Facebook

Då er alle medlemmane av familien Hunnes jr. på facebook. Det tok siste medlem ca tre år. Kan ein då seie at verda går framover? Eller er det nettopp det den ikkje gjer? Uansett. Ei barriere er brote.