søndag 29. november 2009

1. søndag i advent


Morgonstund har gull i munn! :)
Hans Jakob var tidleg oppe for søndagsfotballen, eg stod og opp då for å få tid til søndagens adventsstund med song og tenning av første lys i adventsstaken! Ynskjer alle saman ei flott adventstid med dette bibelverset.

Fredsfyrsten fra Betlehem
Men du, Betlehem, Efrata,
den ringeste blant ættene i Juda!
Fra deg lar jeg komme en mann
som skal være hersker over Israel.
Han har sitt opphav i gammel tid,
han er fra eldgamle dager.
Mika 5,1

Hugs på at det er han vi ventar på!

Fleire bilete av staken kan du sjå på eglagar.

tirsdag 24. november 2009

Julefest og adventstid

I Trondheim byrjar alltid jula litt før eg er heilt klar for det, men slikt må til når eksamensulven snik seg tettare og tettare på, då vert det lita tid til feiring seinare. I helga var det duka for Student-KRIK Trondheim sin årvisse julefest. Den måtte faktisk flyttast til KVT i år på grunn av stor medlemsauke. 170 stk var med på julefest med koldtbord, underhaldning og sjølvsagt swing. Det vart ein kjekk kveld, få bilete vart teke. Men dei vi tok oppsummerar kvelden ganske greit.

Hans Jakob tek det obligatoriske "no har Elisabeth pynta seg"-biletet før avgang. Etter det vart det liksom ikkje så mykje biletetaking.

Elisabeth snik seg unna juletregangen ved å vere fotograf. Ser du juletreet?

Hans Jakob snik seg unna juletregangen ved å tenne lys og vaske over borda.


No er eg superklar for adventstid. Rykta seier at det er 1. søndag i advent i helga, noko som gjer det lovleg å finne fram dei lilla kubbelysa, dei lilla serviettane, den lilla løperen vi fekk til bryllaupet, dei lilla hjerta som skal telje ned til jul på vindaugsruta, Julemysterietav Jostein Gaarder som vi skal lese høgt frå kvar kveld (tipp kven det er sin idé) og sist, men ikkje minst, den nydelege julekrubba vi fekk til bryllaupet av Marianne og Asbjørn.

Advent - eg ventar på deg! Kom for alt er (snart) ferdig!


(Og ja.. Eg les eigentleg til eksamen no, men det er så mange andre ting som freistar meir.)

fredag 6. november 2009

Jobbsøking

Som fleire andre i familien min har jobbsøking vore eit hett tema for meg dei siste månadane.. Eg har fri etter jul før eg startar på master i rådgivning hausten 2010. Og er difor midt inne i jobbsøkingsprosessen, og i går var eg på intervju i NAV som teiknspråkleg saksbehandlar. Av ni søkjarar var eg ein av fire som vart innkalt til intervju. Jippi! Men.. Eg trur eg må ha fått tidenes kjappaste tilbakemelding, dei ringte i dag. Av dei fire som var innkalt på intervju var mi teiknspråkkompetanse den dårlegaste (det er litt vanskeleg å konkurrere med folk som har snakka teiknspråk heile livet). Difor fekk eg ikkje jobben, men eg lærte mykje, og eg er hjertelig velkomen dit i praksis på rådgivningstudiet og kanskje ser eg ei masteroppgåve i emning? Om rådgivningssamtalar med døve? Det vert i alle høve spanande :) Elles står eg på vidare og skal på intervju att i neste veke. Så dette er det som skjer med meg for tida. I tillegg til intensiv skriving på bacheloroppgava og eksamensfrykt. Ha ei god helg!