tirsdag 23. desember 2008

Etter fem dagar heime i Sykkylven og i Volda er det ikkje så mange ting som gjenstår. Vi har arbeidd kvar for oss med mange forskjellige oppgåver som vi ikkje har hatt høve til å gjere før vi kom heim. No er det kveld, og eg er i alle høve klar for jul og julefeiring.

Dersom det er noko de lurer på er det berre å ta kontakt på fordidetervito@gmail.com, eller ringe oss!

Då gjenstår det berre å ønske alle saman God Jul!

tirsdag 16. desember 2008

Eg har flytta inn i nyeleiligheita! Vi har montert pult og bokhylle, kjøkkenbord og stolar, vitrineskap og tv-benk. No gjenstår berre sofa, salongbord og ny tv! Det er jammen kjekt med IKEA! No gler vi oss enno meir til å komme tilbake til Trondheim etter bryllaupet, fordi vi har fått det så fint! Men først er det jul og så er det bryllaup! Det vert kjekt! Ha ein flott desemberdag, no må eg lese på eksamen!

fredag 5. desember 2008

Overnatting

Romfordelinga på hyttene på Orreneset er no klar. Fordi det er to- og fire-/femmannsrom, og dobbelt så mange fire-/femmannsrom håper vi at nokre ektepar greier ei natt utan sin aller kjæraste.. På kvar hytte er det dusj og WC og i tillegg er det fleire dusjar på hovudbygget. Nokre skal og sove på hovedbygget, og dei veit sjølv kven dei er. Dei med parantes rundt skal overnatte frå laurdag til søndag, resten skal overnatte heile helga. Det er lurt å hugse på å ta med enten sovepose eller eige sengetøy, om du skal leige sengetøy koster dette 85 kr ekstra.



tirsdag 18. november 2008

Tilbodsavisene strøymer inn no som det nærmer seg jul, og eg følgjer nøye med for kva finn eg der? Jo, tilbod på ein del ting vi ønskjer oss. Så er du av den økonomiske typen kan du fram til 1. desember finne tilbod hos Jernia. Det er t.d. 20% på Høyang Polaris All Steel kasserolleserie som vi ønskjer oss diverse kasseroller frå. Og så er det også tilbod på drillen vi ønskjer oss. Jernia-butikkar i heile landet har tilgang til vår ønskeliste på internett, og det har du og dersom ser til høgre på skjermen din.

onsdag 12. november 2008

Vi har fått husvære! Frå nyttår vert vi å finne på Nedre Singsaker i ei 42 m2 stor leiligheit. Vi bur praktisk talt på bussruta til Dragvoll der Elisabeth studerer, og om du er sånn passeleg god å kaste, kastar du lett ein stein på St. Olavs hospital der Hans Jakob held til fleire timar om dagen. Vi er sjølvsagt svært nøgde og no gler vi oss til å flytte saman. Sovesofa vert innkjøpt så då har du og høve til å komme til Trondheim og besøke oss! Velkommen!

torsdag 30. oktober 2008

Berre til informasjon så er middagsserviset Cuisine til 30% på Christiania Glasmagasin for tida. Og det passar jo bra, fordi vi ønskar oss jo nettopp dette! :)

onsdag 15. oktober 2008

Overnatting

Som nemnt vil det verte høve til å overnatte på Orreneset frå fredag til søndag (250 kr) eller frå laurdag til søndag (150 kr). Du kan anten ta med eigen sovepose, eller eige sengetøy (det er dyner og puter der) og det vert då ikkje noko tillegg i prisen. Dersom du har fått for mykje pengar i julegåve og har dårleg plass i kofferten, er det høve til å leige sengetøy for 85 kr.

I tilknytning til senteret er det 6 hytter, med plass til 10/12 i kvar hytte fordelt på tre rom. To 4/5-mannsrom og eit 2-mannsrom. Det er dusj og WC på kvar hytte, og i tillegg er det dusjar i hovudbygget, dersom det vert trangt om plassen laurdag morgon.

Så dersom du har behov for ein stad å sove, anten heile helga eller frå laurdag til søndag er det flott om du gjev melding om dette!

søndag 12. oktober 2008


Bryllaupsplanlegging

Gjengen på veg til Orreneset
Hans Jakob, Elin, Odd Ragnar, Per Inge og Olgunn

I helga har vi teke turen heim til Sunnmøre for ei helg med planlegging saman med våre foreldre.

Vi kom heim til Sykkylven torsdag kveld og vart møtt med nybaka horn og kakao! Fredag brukte vi til oppdatering av ønskelista på Jernia, vigselssamtale med Per-Inge, far til Elisabeth, samtale med fotografen, utlevering av invitasjonar og andre førebuingar.

Laurdag morgon var vi innom blomebutikken for å snakke om blomane til den store dagen, før vi reiste til fjells til Haugenhytta. Dit kom og Elin og Odd Ragnar og dagen vart brukt både til synfaring på Orreneset, planlegging, eting av Hans Jakob sin første bacalao-middag, testing av bryllaupsdessert og prøvesmaking av bryllaupskaka.

Dette skiltet kan du sjå etter, då er du framme!

Der er ein viss likskap ja..

Orreneset misjonssenter

Våre foreldre matchar kvarandre utan tvil!

Søndag vart brukt til oppsummering, fårikål-middag, med eplekake til dessert og meir bryllaupskake, før vi sette kursen mot Volda. Her har vi nett ete kveldsmat, og skal no ut på ei lita runde for å levere ut dei siste invitasjonane.

Oppvask før heimreise.

I morgon ventar ein tur på Volda Glassmagasin for meir oppdatering av ønskeliste, før vi set kursen tilbake att til Trondheim og ei ny skuleveke. Det har vore ei flott helg og vi gler oss framleis til bryllaup!

onsdag 8. oktober 2008

Kjøkemeister Rut

Hans Jakob si yngste syster Rut hev sagt seg villig til å vere kjøkemeister, toastmaster eller visevert om du vil. Det vil seie at det er henne de må ta kontakt med dersom de ynskjer å bidra med talar, songar, kåserileseing eller anna moro i bryllaupet vårt. Dette gjer de på fylgjande måtar:

mobil: 98 88 73 40
straumbrev: ruthunnes (alfakrøll) hotmail.com

Tusen takk Rut!

tirsdag 30. september 2008

Transport
For å kome seg til det fagre Søndmør har du mange moglegheiter.

Til dømes kan Nor-Way bussekspress frakte deg landevegen til Sykkylven frå fleire av Noreg sine storbyar.
Møreekspressen (146) er å anbefale for deg som kjem frå Oslo, då kjem du direkte til Sykkylven.
Vestlandsbussen over Stryn (431) tek deg direkte frå Bergen til Sykkylven.
Mørelinjen (630) går frå Trondheim til Moa, og derifrå tek du ein lokalbuss til Sykkylven.

Dersom du foretrekk å støtte NSB, kan du kome deg til Sykkylven, ganske rimelig, frå Sør-Vestlandet, Sørlandet og Austlandet via Oslo til Åndalsnes. Men då er det eit smart triks å vere tidleg ute å skaffe deg miniprisbillettar. Frå Åndalsnes går det togbuss til Moa, den tek omlag 1,5 time, før du set deg på lokalbussen til Sykkylven, som er framme 40 minutt seinare.

For deg som har lita tid er nok fly det kjappaste alternativet. SAS og Norwegian flyg til Ålesund lufthamn Vigra. Derfrå kjem du deg til Sykkylven på litt over ein time, først med flybuss til Moa,
og derifrå med lokalbuss til Sykkylven.

Som nemnt i invitasjonen vert vi glade for å få vite kva transportmiddel du kjem med, anten du reiser kollektivt eller med eigen bil. Då vert det lettare for oss å samordne transport til og frå fjellet og kyrkja.
Og så er det lurt å unngå dei aller seinaste ankomstane fredag og dei aller tidlegaste avgangane søndag, då kan det verte litt vanskeleg med transport til og frå fjellet.

God tur!

søndag 28. september 2008

No har vi laga ferdig alle invitasjonane! Og det var kjempekjekt!
Dei aller aller fleste er no sendt av garde eller levert personleg til mottakarane.
Svara har faktisk også byrja å tikke inn.
Postar nokre bilete frå arbeidet med invitasjonane.
Vi gler oss til å få endå fleire svar!


onsdag 24. september 2008

Velkomen!
Her i Trondheim går planlegginga så det susar.
No er snart alle invitasjonane ferdige,
nokre har allereie fått sine, og det er sikkert difor
du nett no les akkurat dette.
Etterkvart skal vi leggje til litt meir informasjon her.
Til no har vi lagt ut litt lenkjar til høgre på skjermbilete.
Der kan du finne lenkjar til ønskelistene våre,
og til ulike transportmiddel,
som kan frakte deg som ikkje har bil til Sunnmøre.
Vi gler oss veldig mykje til å sjå deg i januar!
Ha ein flott dag!