Rollene er bytta om. Hans Jakob står i dag for illustrasjonane, og eg skal prøve meg på å gi nokre utfyllande kommentarar.
Gårsdagen i går gav oss eit visst overblikk over byen og alt vi (les Elisabeth) skulle rekke i dag. Så medan Hans Jakob såg på TV i går kveld, nytta eg høvet til å lage eit stramt program for dagen i dag.
Morgontur på Brooklyn Bridge med utsikt mot Manhattan skyline inkludert stor fare for å verte påkøyrd av hissige syklistar, gjorde godt før frukost og fotball-VM på hotellrommet. Dama på bakeriet der vi kjøpte bagels i går kjente oss att i dag. Så i morgon kan vi seie "det vanlege" når vi skal bestille. Så lett er det å verte stamkundar.
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEh07L3revi47wsPg4ClGv-2I5sJhaSbjl1dSEiwY6Kpzm2zEBpuID5PsOKpBmNv_n9aZ1h3nyvcWnSEyyCcm7HQ9XMojV1G89CMZQaCfHvp6iTUKGShp-lIl31df9X9Ql2pvfhulkCfsyYv/s320/nydag2bb.jpg)
Første stopp var FN-bygninga. Der kunne vi ha gått på guida tour, men sidan vi ikkje fekk gå for oss sjølv, og i staden for måtte følgje ein guide i over ein time, nøgde vi oss med gratisutsillinga frå Haiti. Den brukte vi etter mi meining akkurat passe lang tid på. Viktig og halde seg til skjema!
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEh6KU4XCaq8KDuRK8KPHrx7f5SP7zVMIXm947nv4Agbm4XeRaCkqM1wYINR_ZSemVD-2bCbdxE82ftYqhrTIEqKon9kZCmzkgVJksZ11UrYbnOIkoOsGamMXsQW2PmGEObuIJ0EACOxcNIw/s320/nydag2un.jpg)
Frå arbeid for fred i verda og tragedie på Haiti hos FN gjekk vi mot Times Square, 5th avenue og Madison avenue for litt påfyll av alt vi nyt godt av i den vestlege verda. Til dømes kunne vi få M&Ms i alle moglege fargar og også som alt mogleg anna i deira concept store. Eigentleg utruleg at nokon kan vere interessert i å kjøpe dobbelt sengesett inkludert sengeteppe med M&Ms-mønster?!
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEiCO8eQYFxVo1u2byL7WfLA4wC2UKnAqAUVa1PQzUzudLxDngq9Yx7vzRXldxV-ikMtRXU-IX9OjJDWemSDsUE3Qb2viJoq-6qa03q7ppHJ0GIEsq6_jrBkhfMGXxJBOZU7CSTCJheEiQSE/s320/nydag2mm.jpg)
Etter å ha vindaugskika hos blant anna Abercrombie & Fitch (du hadde rett i at dei verkeleg var kjekke dei som jobba der, Solveig), Prada, Gucci, Louis Vuitton, Calvin Klein og DKNY var det behov for å fylle tomme magar med noko av det New York har å by på. Pretzle har stått høgt på ønskelista mi over ting å ete i NY og innfridde absolutt ikkje til forventningane. Det gjorde derimot jordbæra med whipped cream som vi fekk gratis på eit gatehjørne. Vi har elles ete dette i dag:
- pretzle før frukost
- bagels og peanøttsmør til frukost saman med mango madness snapple og vitamin water
- after eight og twisslers saman med VM-kampen
- subway (igjen) til lunsj
- iskaffe frå starbucks
- cheeseburger og cola frå macern
- M&Ms gjennom heile dagen
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEhRC_uLcZsr5lx70anHY23F_03d8_EzLIY4sYHvk9iAAHVsmvWJG8qUmi22fbI_H0EaLtng1Qc080nhXrPa8E_lsWcZi0HJIK6rseQr6ybmTNdlmie1T6jjT5ldwX0h6y9VWu3ONiwOKoct/s320/nydag2div.jpg)
Etter intens leiting etter eit museum vi aldri fant tok vi i staden for turen opp i Rockandrollefeller center med god utsikt over byen. Og det var vel verdt turen. Kjekt å sjå kor stor byen faktisk er, og ganske rart å vere så høgt oppe. Vi måtte og sjølvsagt dytte og plukke litt på Empire State Building, som vi likar å gjere med store sjåverdigheiter.
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEiD0ZqZym3fKZkrHxQNeclSc1fK6nTMum0Jub2xEn2Se7gfVisyAnyumEoOA8-VMNKP7oXjoxHnx6dk-WuiJQCbcKzwJHfUDo_rt4WvD8MzLJNzg-2HY3WT_VVlZY8Jh61uxTA6PITO8qg3/s320/nydag2rrf.jpg)
Dagen avslutta vi på Broadway med West Side Story. Hans Jakob har ved hjelp av meg nok ein gong utvida sine horisontar og syns faktisk det var kjekt å sjå folk synge og danse i opptil fleire timar! Eg er nøgd med eigen overtalingsinnsats og kunne difor kose meg med alle sangane som eg kunne synge med på (inni meg).
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEhQWwYyfn7q8DUhOPofxT6HTWWbmhWraQu-RBFVJi2FoFXoEiihhKRip6uk475YY3lUfRh6M5IyDAArBkN8ySsRSVpBO9hyHBmV9uBnXf-h0CyvEdnoToCsly1MKhexjrUq50xtdi0o4V2d/s320/nydag2ws.jpg)
I morgon set vi kursen mot San Diego. Vi er klare for California!
PS: Kommentarane vart visst meir enn nok utfyllande.