lørdag 3. juli 2010

Surfin' in the USA


Siste dagen i San Diego var via til alt vi måtte rekke før vi skulle reise vidare. Kort oppsummert rakk vi formiddagsgolf, ettermiddagssurfing og kveldssprell i parken.

På golfbana gjorde underteikna store framskritt og forbetra seg med 19 slag frå førre gong. Det var akkurat nok til å slå Hans Jakob med eit slag. Særs nøgd med det! Golf har vorte ein hit hos juniorekteparet Hunnes no, og det er nok fare for at det vert meir golfing i løpet av ferien.

Etter golfinga venta nistemat i kjølebagen og kursen vart sett mot Mission Beach. Med eitt surfebrett på deling fekk vi tid til både pauser og bilettaking. Vi har nok feilberekna tidspunktet for oppholdet i San Diego, for sola er fråværande på grunn av ”June Gloom”. Dette er ei periode i slutten av juni då havet vert raskt oppvarma, noko som fører til lavt skydekke ved kysten. Det freista difor lite å sole seg på stranda, så etter endt surfeøkt reiste vi vidare.

Hans Jakob har vore oppteken av at eg måtte få oppleve parklvet i San Diego. Eg kan forstå kvifor. I parken vi reiste til var det full aktivitet med joggegrupper, dansetimar, løkkefotball, grasvolleyball og grilling. Vi blenda greitt inn med amerikansk fotball og frisbee. Kjekt!



1 kommentar:

Jeanette sa...

Vi feilberegna også.
D va sann då vi landa å va der den 4juni.