tirsdag 23. desember 2008

Etter fem dagar heime i Sykkylven og i Volda er det ikkje så mange ting som gjenstår. Vi har arbeidd kvar for oss med mange forskjellige oppgåver som vi ikkje har hatt høve til å gjere før vi kom heim. No er det kveld, og eg er i alle høve klar for jul og julefeiring.

Dersom det er noko de lurer på er det berre å ta kontakt på fordidetervito@gmail.com, eller ringe oss!

Då gjenstår det berre å ønske alle saman God Jul!

tirsdag 16. desember 2008

Eg har flytta inn i nyeleiligheita! Vi har montert pult og bokhylle, kjøkkenbord og stolar, vitrineskap og tv-benk. No gjenstår berre sofa, salongbord og ny tv! Det er jammen kjekt med IKEA! No gler vi oss enno meir til å komme tilbake til Trondheim etter bryllaupet, fordi vi har fått det så fint! Men først er det jul og så er det bryllaup! Det vert kjekt! Ha ein flott desemberdag, no må eg lese på eksamen!

fredag 5. desember 2008

Overnatting

Romfordelinga på hyttene på Orreneset er no klar. Fordi det er to- og fire-/femmannsrom, og dobbelt så mange fire-/femmannsrom håper vi at nokre ektepar greier ei natt utan sin aller kjæraste.. På kvar hytte er det dusj og WC og i tillegg er det fleire dusjar på hovudbygget. Nokre skal og sove på hovedbygget, og dei veit sjølv kven dei er. Dei med parantes rundt skal overnatte frå laurdag til søndag, resten skal overnatte heile helga. Det er lurt å hugse på å ta med enten sovepose eller eige sengetøy, om du skal leige sengetøy koster dette 85 kr ekstra.