
Vi går over tunet og skiltet på døra gjev klar beskjed om at "If you are in a hurry, this is not the place for you". Sjølv om vi eigentleg berre er ein time unna Williams der vi skal overnatte, og eigentleg er veldig klare for å komme oss vidare, er behovet for toalett så stort at vi likevel går inn. Der møter vi eigaren, ei lita gråhåra snasa dame frå Eidsvoll, som heiter Anne Lise. Ho overtalar oss til å bestille ein pizza, og medan vi sit og ventar kjem ho viftande med ein nøkkel og ber oss om å ta ein titt på rom nr. 130. Ho vil gjerne at vi skal sjå nærare på rommet og seie kva vi meinar. Allereie før vi stig inn i rommet luktar det trøbbel. På døra vert vi møtt av ei barmfager krysning mellom Dolly Parton og Synnøve Finden. Inne på rommet er veggane spekka med nasjonalromantiske motiv frå golv til tak. Det renn nok ikkje over av nordmenn i den vesle byen omlag 25 norske mil frå Las Vegas. Men om ein stakkar Ola Nordmann, med nikkers og brunostskive i ryggsekken, skulle forville seg inn i denne småbyen, og vidare ta inn på byens mest nedslitte motell, skal han ikkje vere redd for å få heimlengsel.


Vel tilbake i restauranten ventar pizzaen som me nyt i selskap av tre eldre ektepar med solbleika trailercaps, bukseselar og laustenner. Dei har truleg til vane å sitte slik med pizzaen mellom seg og merksemda retta mot tabbetvprogrammet på veggen. Vi ler og et om kvarandre.

1 kommentar:
hehehehe, jeg LER høyt av dere!! hihi!!
KOS dere big time videre!!
Så kjekt å lese alt dere gjør:)
Legg inn en kommentar