Var ein kjapp tur heime i helga. Køyrte nedover fredag med kjekt selskap av Britt i bilen. Laurdag var vi på kyrkjemessa (ordentlig basar), men hovudsaken til at eg var heime skjedde søndag. Pappa hadde si siste gudsteneste i Sykkylven kyrkje, og der var det åtte barnedåp, full kyrkje og avskjedsfest. Både kjekt og litt rart på same tid.. Etter gudstenesta reiste eg vidare til Volda for å levere frå meg bilen til svigermor som vi har lånt heilt sidan januar. Tusen takk for lånet! No er eg tilbake i Trondheim og her går det i skule, eplejuice-pressing (var på epleslang i hagen heime), planlegging av haust-tur til Oslo og jobb. Ha ei god veke!
Ny blogg
-
Her har det ikkje skjedd noko på lenge, fordi eg har hatt ein ny plan i
hovudet.
Den nye planen kan du sjå på http://saumfart.blogspot.com
Velkomen!
for 12 år siden