torsdag 30. oktober 2008

Berre til informasjon så er middagsserviset Cuisine til 30% på Christiania Glasmagasin for tida. Og det passar jo bra, fordi vi ønskar oss jo nettopp dette! :)

onsdag 15. oktober 2008

Overnatting

Som nemnt vil det verte høve til å overnatte på Orreneset frå fredag til søndag (250 kr) eller frå laurdag til søndag (150 kr). Du kan anten ta med eigen sovepose, eller eige sengetøy (det er dyner og puter der) og det vert då ikkje noko tillegg i prisen. Dersom du har fått for mykje pengar i julegåve og har dårleg plass i kofferten, er det høve til å leige sengetøy for 85 kr.

I tilknytning til senteret er det 6 hytter, med plass til 10/12 i kvar hytte fordelt på tre rom. To 4/5-mannsrom og eit 2-mannsrom. Det er dusj og WC på kvar hytte, og i tillegg er det dusjar i hovudbygget, dersom det vert trangt om plassen laurdag morgon.

Så dersom du har behov for ein stad å sove, anten heile helga eller frå laurdag til søndag er det flott om du gjev melding om dette!

søndag 12. oktober 2008


Bryllaupsplanlegging

Gjengen på veg til Orreneset
Hans Jakob, Elin, Odd Ragnar, Per Inge og Olgunn

I helga har vi teke turen heim til Sunnmøre for ei helg med planlegging saman med våre foreldre.

Vi kom heim til Sykkylven torsdag kveld og vart møtt med nybaka horn og kakao! Fredag brukte vi til oppdatering av ønskelista på Jernia, vigselssamtale med Per-Inge, far til Elisabeth, samtale med fotografen, utlevering av invitasjonar og andre førebuingar.

Laurdag morgon var vi innom blomebutikken for å snakke om blomane til den store dagen, før vi reiste til fjells til Haugenhytta. Dit kom og Elin og Odd Ragnar og dagen vart brukt både til synfaring på Orreneset, planlegging, eting av Hans Jakob sin første bacalao-middag, testing av bryllaupsdessert og prøvesmaking av bryllaupskaka.

Dette skiltet kan du sjå etter, då er du framme!

Der er ein viss likskap ja..

Orreneset misjonssenter

Våre foreldre matchar kvarandre utan tvil!

Søndag vart brukt til oppsummering, fårikål-middag, med eplekake til dessert og meir bryllaupskake, før vi sette kursen mot Volda. Her har vi nett ete kveldsmat, og skal no ut på ei lita runde for å levere ut dei siste invitasjonane.

Oppvask før heimreise.

I morgon ventar ein tur på Volda Glassmagasin for meir oppdatering av ønskeliste, før vi set kursen tilbake att til Trondheim og ei ny skuleveke. Det har vore ei flott helg og vi gler oss framleis til bryllaup!

onsdag 8. oktober 2008

Kjøkemeister Rut

Hans Jakob si yngste syster Rut hev sagt seg villig til å vere kjøkemeister, toastmaster eller visevert om du vil. Det vil seie at det er henne de må ta kontakt med dersom de ynskjer å bidra med talar, songar, kåserileseing eller anna moro i bryllaupet vårt. Dette gjer de på fylgjande måtar:

mobil: 98 88 73 40
straumbrev: ruthunnes (alfakrøll) hotmail.com

Tusen takk Rut!