fredag 25. desember 2009

God jul!

Hans Jakob og eg ynskjer alle saman ei strålande og fredelig julehøgtid! Vi feirar vår første jul saman hos systra mi på Sandane. Resten av familien min er her og i skrivande stund vert 1. juledagsmiddagen førebudd. Vi skal ha kalkun i staden for lutefisk til Hans Jakob si store letting! I går hadde vi ein innhaldsrik dag planlagd av Simen-nevø. Bibelsti, julekrubbe i stallen og gåveopning var noko av innhaldet! Hans Jakob er strålande nøgd med kaffemaskina han fekk med meg, og eg er kanskje enda meir nøgd med scrapbookpengane og min nye onepiece-dress! I dag har vi kosa oss med plateinnspeling i studio west coast av Simen sin sjølvdikta julesang. Og kanskje vert det og både film og speling av vårt nye Dominion-spel! I morgon reiser vi til Volda og skal kose oss resten av jula der! Ha ei fortsatt god jul alle saman!

Vi var Maria og Josef i stallen!

God jul til dykk alle saman!

mandag 14. desember 2009

Kvil i fred

Eit viktig familiemedlem er ikkje lenger ein del av den vesle familien vår. Hans Jakob sin kjære Suzuki FZ vart stolen førre veke. Han vart og funnen att, og taua inn til Falck Trondheim. Og der skulle eg hente han i dag. Uheldigvis hadde nokon hatt det kjekt med å prøve å kople ledningane for å få start på mopeden. Dei var røska ut både her og der, så det var ikkje nokon vits i å prøve å reparere han. Difor, til ære for Hans Jakob sin kjære FZ, ei lita biletframsyning til minne om ein god kamerat som no er på veg til vrakhaugen.

onsdag 9. desember 2009

Stort

Kva er stort? Hendingane dei tre siste dagane.

Mandag gjorde eg ferdig bachelorgrada mi i pedagogikk og kommunikasjon, så no kunne eg ha vore ferdig utdanna om eg ville. Det vil eg ikkje, men eg skal ha eit halvår fri før masteren startar til hausten.

Tysdag naut eg det å ha juleferie i fulle drag.

Onsdag, altså i dag, fekk eg meg jobb. Eg vert å finne på Møller Kompetansesenter etter jul i eit 100% vikariat på elevheimen der. Det inneber for det meste dagvakter, nokre seinvakter og nokre få helger. Eg er veldig nøgd med å ha fått ein jobb som eg allereie kjenner, men med litt meir ansvar enn som tilkallingsvikar.

Alt dette feira vi med tur på kafé i dag, etter ein liten julegåveinnspurt. Kjempekjekt!

I morgon, torsdag, skal eg fortsetje å nyte det å ha juleferie i fulle drag, med saum og handballkampen i bakgrunnen! Nett no er livet stort!

lørdag 5. desember 2009

Ønskelister

Om du er av dei som lurer på kva vi ønsker oss til jul, så kan du sjå til høgre litt ned på sida. Vi har kvar våre ønskelister og ei felles og :)
Dei vert noko meir utfylde etterkvart som det nærmar seg jul!

torsdag 3. desember 2009

Eksamenslesing

Ja, det er framleis eksamenslesinga og forkjølinga som pregar heimen! Men no er eg faktisk i gong med å lese til årets siste eksamen, og forhåpentleg siste eksamen på nærare eit år, i tillegg til at forkjølinga nesten har gitt seg. Mandag hadde eg eksamen i PED1000 - Moderne barndom der eg skreiv om barnehagens utvikling og framvekst frå 1800-talet og fram til i dag, i tillegg til at vi leverte bacheloroppgåva som vi har arbeidd med i heile haust. I går fullførte eg PED1001 - Pedagogisk filosofi og idéhistori med eit essay om Rousseau og Foucaults syn på oppseding. Det utgjer 37,5 studiepoeng av haustens 52,5 poeng. No er det lesing i PED1002 - Pedagogisk psykologi og utviklingspykologi som gjenstår. Eksamen er på mandag og nett no kom motivasjonen til meg. Eg kom på å sette på sangane vi sang i Dynamis på Sagavoll. Eg les, skriv inn notatar på dataen og syng med for full hals ("are you ready for your blessing?") og synst dermed det fortente eit blogginnlegg. Brått vart det så kjekt! :) Dessutan les eg om barnets tidlige sosiale og språklege utvikling, og faktisk er det ganske interessant. Visste du at barn som berre er 15 minutter gamle kan gjere same grimaser som mor eller far dersom det får høve til det og god nok tid?

Kanskje kan det forresten verke som det berre er liv i den eine halvdelen av ekteparet Hunnes. Hans Jakob er flink student og er lenge på skulen kvar dag. Elles går det i jobb og trening for hans vedkomande. Så han har det bra han og :)

Ha ein herleg dag alle saman! Min vart brått mykje betre!

søndag 29. november 2009

1. søndag i advent


Morgonstund har gull i munn! :)
Hans Jakob var tidleg oppe for søndagsfotballen, eg stod og opp då for å få tid til søndagens adventsstund med song og tenning av første lys i adventsstaken! Ynskjer alle saman ei flott adventstid med dette bibelverset.

Fredsfyrsten fra Betlehem
Men du, Betlehem, Efrata,
den ringeste blant ættene i Juda!
Fra deg lar jeg komme en mann
som skal være hersker over Israel.
Han har sitt opphav i gammel tid,
han er fra eldgamle dager.
Mika 5,1

Hugs på at det er han vi ventar på!

Fleire bilete av staken kan du sjå på eglagar.

tirsdag 24. november 2009

Julefest og adventstid

I Trondheim byrjar alltid jula litt før eg er heilt klar for det, men slikt må til når eksamensulven snik seg tettare og tettare på, då vert det lita tid til feiring seinare. I helga var det duka for Student-KRIK Trondheim sin årvisse julefest. Den måtte faktisk flyttast til KVT i år på grunn av stor medlemsauke. 170 stk var med på julefest med koldtbord, underhaldning og sjølvsagt swing. Det vart ein kjekk kveld, få bilete vart teke. Men dei vi tok oppsummerar kvelden ganske greit.

Hans Jakob tek det obligatoriske "no har Elisabeth pynta seg"-biletet før avgang. Etter det vart det liksom ikkje så mykje biletetaking.

Elisabeth snik seg unna juletregangen ved å vere fotograf. Ser du juletreet?

Hans Jakob snik seg unna juletregangen ved å tenne lys og vaske over borda.


No er eg superklar for adventstid. Rykta seier at det er 1. søndag i advent i helga, noko som gjer det lovleg å finne fram dei lilla kubbelysa, dei lilla serviettane, den lilla løperen vi fekk til bryllaupet, dei lilla hjerta som skal telje ned til jul på vindaugsruta, Julemysterietav Jostein Gaarder som vi skal lese høgt frå kvar kveld (tipp kven det er sin idé) og sist, men ikkje minst, den nydelege julekrubba vi fekk til bryllaupet av Marianne og Asbjørn.

Advent - eg ventar på deg! Kom for alt er (snart) ferdig!


(Og ja.. Eg les eigentleg til eksamen no, men det er så mange andre ting som freistar meir.)

fredag 6. november 2009

Jobbsøking

Som fleire andre i familien min har jobbsøking vore eit hett tema for meg dei siste månadane.. Eg har fri etter jul før eg startar på master i rådgivning hausten 2010. Og er difor midt inne i jobbsøkingsprosessen, og i går var eg på intervju i NAV som teiknspråkleg saksbehandlar. Av ni søkjarar var eg ein av fire som vart innkalt til intervju. Jippi! Men.. Eg trur eg må ha fått tidenes kjappaste tilbakemelding, dei ringte i dag. Av dei fire som var innkalt på intervju var mi teiknspråkkompetanse den dårlegaste (det er litt vanskeleg å konkurrere med folk som har snakka teiknspråk heile livet). Difor fekk eg ikkje jobben, men eg lærte mykje, og eg er hjertelig velkomen dit i praksis på rådgivningstudiet og kanskje ser eg ei masteroppgåve i emning? Om rådgivningssamtalar med døve? Det vert i alle høve spanande :) Elles står eg på vidare og skal på intervju att i neste veke. Så dette er det som skjer med meg for tida. I tillegg til intensiv skriving på bacheloroppgava og eksamensfrykt. Ha ei god helg!

søndag 25. oktober 2009

3-0 over Reima jr.

Så var årets første seriekamp over. Vi vant, men det var berre så vidt av og til.. Eg spelte min første kamp som leggar og det var utruleg forvirrande. Uansett, eg hugsa systemet etter kvart og spelte betre etterkvart! Ha ein god søndag. Eg skal på jobb.

onsdag 14. oktober 2009

Dette er oss. Vi er ekteparet Hunnes jr. Og vi gler oss slik til å reise til USA til neste år! I dag har vi planlagt mykje, bestilt hotell og greier..! Kjekke saker!

Stick Figure Family at FreeFlashToys.com
Make your Stick Figure Family at FreeFlashToys.com

søndag 4. oktober 2009

Volleyballdebut

Då er første tellande turnering med NTNUI D3A over.. Og for ei helg! Vi har vore med i sonemeisterskap i Orkanger. Og vi gjorde det kjempebra!! Av 22 lag frå 2. og 3. divisjon (vi spelar i 3. div) kom vi på 4.plass :) Noko som betyr at vi slo fleire 2.divisjonslag, blant anna klubbrivalane NTNUI D2B. Eg er enno i volleyrus etter ei kjekk helg både som kantspelar og som diagonalspelar!


Solveig, Marte og eg er klare i mottak.


Marte og Rikke set blokka!

Knallbra D3A!!

Siste kampen laurdag vart pinefull då vi møtte klubbrival D2A.
Nina og Rikke og eg sat på benken og var særs spente. Men vi vant!
Her er heile gjengen..
Bak frå venstre: trenar John, Ane, Solveig, Marte og Ingrid Marie
Foran frå venstre: Nina, meg, Berit og Rikke

mandag 21. september 2009

Haust


Var ein kjapp tur heime i helga. Køyrte nedover fredag med kjekt selskap av Britt i bilen. Laurdag var vi på kyrkjemessa (ordentlig basar), men hovudsaken til at eg var heime skjedde søndag. Pappa hadde si siste gudsteneste i Sykkylven kyrkje, og der var det åtte barnedåp, full kyrkje og avskjedsfest. Både kjekt og litt rart på same tid.. Etter gudstenesta reiste eg vidare til Volda for å levere frå meg bilen til svigermor som vi har lånt heilt sidan januar. Tusen takk for lånet! No er eg tilbake i Trondheim og her går det i skule, eplejuice-pressing (var på epleslang i hagen heime), planlegging av haust-tur til Oslo og jobb. Ha ei god veke!

mandag 14. september 2009

Brudlaupsreise 2010

Då er billettane booka, vi reiser til New York og California/Nevada i fire veker til sommaren! Vi gler oss til roadtrip!

torsdag 10. september 2009

Short is the new long

I ein ubevakta augneblink tok eg mot til meg, sette ledninga i støpselet og let det stå til. Resultatet vart som fylgjer:



Etter reaksjonane å dømme hev eg i alle høve fått forstå at folk likte sveisen min før. Det er då noko.

Kva som eigentleg fekk meg til å snaue sveisen sist onsdag, hev ikkje gått opp for meg før eg gjekk gjennom ein del gamle bilete for å finne eit "før"-bilete til "før-og-etter"-bilete eg hadde tenkt å poste på bloggen.

Det manglar nemleg ikkje på inspirasjonskjelder i familien. Sjå berre her:


Mor


Far og nevø nr 1


Nevø nr 2


Bjørnar


Rut


Odd Erling


Visste de forresten at alt håret på kroppen tilsaman veks omlag 53 meter for dagen?

fredag 21. august 2009

Sommarferie 2009

Ei oppsummering.

Etter gute- og jenteturen reiste vi ei veke til Lyngør
på Sørlandet. Late dagar med soling, bading og familiekos!


Vi reiste frå sommarveret, og kom til Volda der det
heldigvis var opphald i nokre dagar slik at vi kunne
hjelpe til å male huset.

I mellom husmalinga i byrjinga av juli, og bryllaupet til
Ester og Kristian, var det mest regn og dårlig ver.
Difor vart det lite aktivitetar med bilete frå.
Jobbing i Volda og Sykkylven vart det og tid til!


Ei kjempekjekt bryllaup, med nydeleg brud og brudgom!
Vi koste oss kjempemasse i alle fall!


Det vart faktisk fint ver innimellom.
Og grilling på hytta kombinert med den finaste utsikta eg veit er ikkje feil!
Pappa er ivrig grillmeister.


I Sykkylven vart det også tid til blåbærtur, faktisk blåbærturar.
Vi måtte tilbake nokre dagar etterpå fordi vi hadde for få spann.
Aldri har vi sett så mykje blåbær, og aldri har vi plukka så mykje heller. 35 l!

Blått i blått! Fri fri tue, ingen lov å tjue :)

Så til det som har prega sommaren i stor grad. Flyttinga.
Mamma og pappa er i desse dagar i ferd med å takke for seg
i Sykkylven etter 20 år som prestefolk. Dei skal flytte til Molde.
Dette er både kjekt og rart, kjekt fordi dei kjem nærare Trondheim.
Og rart fordi vi ikkje lenger reiser heim på ferie, men på besøk til dei i Molde.

Nokre kjekke turar vart det og tid til. Her i Regndalen.
Diego, eg, Marianne, pappa og mamma.


Her er Solveig, Hans Jakob og eg på matatur i Rundsteinsvika.
Kakao og nybaka vanilje- og sjokoladebollar vart nytt!



God haust! :)

tirsdag 28. juli 2009

torsdag 25. juni 2009

Gjensynsglede

Det var så kjekt å sjå kvarandre att etter ferien at vi måtte feire med litt frisbeegolf på Lade og litt longboard i bakken nedanfor Dragvoll på søndag. Dette vart ein herleg feriedag før Hans Jakob starta å jobbe att på mandag.





tirsdag 23. juni 2009

Chania, Kreta

Som de kan sjå på innlegget under har Hans Jakob vore på gutetur, så då vart det jentetur på meg :) Eg er heldig som har tre søstre å invitere med på tur. To av tre, Heidi og Solveig, hadde høve til å vere med! Soling, bading, lesing, eting, shopping og avslapping var ingrediensane for ein herleg jentetur!

På tur langs stranda. Steinar i fleire fasongar.


Lenge til vi bestillar grilled mixed plate for three.
Nok mat vart det i alle høve!

Frukost på markterassen

Chania havn


Middag på Fortessa på piren.

Siste kveld og bordtennisturnering.
Heidi på 1. plass, Solveig på 2. plass og eg på siste.