mandag 12. januar 2009

Singsakerbakken

Her kjem nokre bilete ifrå den nystarta heimen vår i Singsakerbakken. Me ventar framleis på sofa, men me ventar på fjernsynet òg, så førebels går det veldig bra. Me hev ikkje tid til å sitte ned mykje for tida uansett :)





lørdag 10. januar 2009

No er altså festen overstått, og for ein fest! Det var ein fantastisk dag, så full av gode minner at dei ikkje let seg gjen oppsummere i ei tekst som denne. Tusen takk til alle som bidrog og til de som var med å feire dagen med oss!
No hev kvardagen innhenta oss litt her i Trondheim. Men den nye livssituasjonen gjer liksom alt så mykje kjekkare. I gårkveld hadde me det til dømes kjempekjekt med å sortere handklea våre på badet! Me satt på golvet med varmekablane ein heil kveld og prata, tøysa og organiserte (!) :) Det er godt å vere gift!
Her kjem nokre få bilete ifrå dagen så langt. Fleire kjem etterkvart!



torsdag 1. januar 2009

Godt nyttår!

Til de som kjem med buss fra Moa. Ta buss som går til Stranda, denne kjører forbi Sykkylven og fører dykk til fjells. Gå av på Fjellsæterskiftet og gje gjerne ein lyd til Elisabeth - 92 09 04 66, så henter vi dykk der. Då er det ein 10 minutts køyretur innover fjellheimen og så er de framme!

Bussane til Stranda går frå Moa den 2. januar, klokka:

- 09.30 - kjem du på denne bussen kan du gå av i Sykkylven
- 11.30 - kjem du på denne bussen kan du og gå av i Sykkylven
- 13.30
- 14.30
- 15.30
- 17.30
- 18.30