onsdag 11. mars 2009

Vi er i Riga!

Så, kva har vi gjort til no?

Vi har eigentleg ikkje så mykje å fortelje. Det florerar ikkje med kulturelle opplevingar her, men vi har likevel nokre betraktningar om landet vi er i og hovudstaden der.

Det er kaldt og snekje her. Folket er likeså.
Det jobbar mange i kvar butikk, og bak kvar ein disk. Timelønna må vere låg.
Alle damer kan å gå på høge stiletthælar.
Kinotilbodet er svært bra. Vi har sett to filmar til no! Det er halv pris.
Menn går med små svarte feminine vesker, men kompenserer med maskuline bartar.
Den varme sjokoladen er like tjukk som sjokoladesaus. Ein vert mett.

Det er nedtelling til grøn mann.
Taxi heim er billigare enn ein bussbilett i Trondheim.
Hans Jakob kjem til å vinne 10 lat (130 kr) i Riga-mesterskapet i speling. Han leiar 14-4.
Eg har bursdag om 16 minutt! Lurt å reise til Riga. For då har eg bursdag ein time før enn om vi hadde vore i Noreg.