tirsdag 22. februar 2011

Eg er heldig

I dag kjenner eg meg heldig, på så mange måtar.

Eg er heldig fordi Hans Jakob har kome trygt heim frå gutetur i USA.
Eg er heldig som er student og kan ta heile dagen fri berre for å vere saman med Hans Jakob.
Eg er heldig fordi eg har hatt det kjekt medan han har vore vekke med mange kjekke venninner!
Eg er heldig som kan nyte det fantastisk fine vinterveret vi har for tida.
Eg er heldig som har vore på ei kjekk volleyballtrening i dag.

Og.. eg er heldig fordi Hans Jakob hadde med ein heil koffert med gåver til meg! Heilt utruleg!


Alt dette til meg! Eg er ei heldig kone!


Hans Jakob er nøgd med fangsten trur eg.. No har han flytta seg frå sofaen til senga. Han har sove i nokre timar allereie. Han har vel eit jetlag å verte kvitt. Eg slepp, eg er heldig!