tirsdag 28. april 2009

O-verraskelse

Då er det altså klart. Eg har gjort min debut! I ein alder av 23 år har eg vore med i orienteringsløp for første gong. Bedriftsorientering nærare bestemt. Jorun, god venninne og "medisinenke", treng som meg noko å fylle eksamenstida med, og tok meg difor med på o-løp i dag på Melhus! Kort oppsummert så var det mykje myr, mange postar, stor forvirring i starten og enda større forvirring då det vart klart at eg kom før Jorun i mål, berre med tre minutt då! Likevel for meg, ein veldig stor seier :)

No ventar vi spent på heile resultatlista som skal komme i kveld.
Oppdatering: Eg kom på 5. plass av 6 moglege i mi klasse, K16-34 :) Eg er stornøgd. Slått av mange 50 år gamle damer, men eg har jo mange år å gå på!

Illustrasjonsfoto



søndag 19. april 2009

Påska 2009

Kort oppsummert:

- torsdag til mandag på Hansbu i Rondane
- tysdag til fredag på Tindebu i Sunnmørsalpane
- fredag til tysda i Volda

Det vart nesten to veker med ferie på oss i år! For ein luksus. Lånt bil gjer det og enklare med transporten når ein reiser så mykje i mellom! Her følgjer nokre bilete frå gode stunder..

Ligretto

Pappa tek oppvasken


Ticket to ride the card game


Diego og mamma

Hans Jakob et biff på Hansbu

Det vart litt vanskelegare enn planlagt å finne bilete. Kameraet har tydelegvis ikkje vore med på tur, og det er visst eg som har vore fotograf heile påska. Betre lykke neste år?