onsdag 30. juni 2010

Longing for a long life

Dagane startar tidleg for (delar av) ekteparet Hunnes på tur. "Solan" sprett opp omkring kl 07.00 og hoppar i dusjen etter at ho har sett på TV'en. Denne står som regel på ESPN, noko som resulterar i at "Ludvigen" stikk nasen fram frå teppedyna når sendinga frå fotball-VM startar kl 07.30. Så er det frukost på senga medan dagsplanen forhandlast fram og skrivast ned. Deretter labbar "Ludvig" i dusjen medan "Solan" lagar niste og fyllar kjølebagen med drikke. "Ludvig", som omsider er ferdig med dusj og deiling framfor spegelen, plottar inn den no reviderte dagsplanen på GPS'en og dei er klare for avgang kl 09.30.

I dag gjekk turen til Misson Bay og surfetimar. Der fekk me nokre timar i vatnet med instruksjon av ein triveleg kar som heitte Brendon. Det gjekk såpass bra at me satsar på sjølvstudium i morgon.

Etterpå reiste me til ei skate-sjappe langt ute i ingenmannsland for at underteiknande skulle få seg nytt longboard. Etter å ha overprøvd GPS'en fleire gongar gjekk me til slutt inn i det som skulle vere den oppgitte adressa, men som såg meir ut som kulissane i "The Office" enn ein skatebutikk. Der sto det ein triveleg type og monterte longboard. Han sa han hadde det litt travelt, men at eg kunne få eit brett same dagen om eg kunne sette saman brettet sjølv. Berre gjer det eg gjer sa han utan å introdusere seg eller spørre kven eg var. Så der stod eg plutseleg, i eit kontorlokale ein stad lang utanfor San Diego med ein fyr eg ikkje ante kven var og monterte longboard. Elisabeth sendte han ut for å "entertain'e seg sjølv" med eit longboard. Det heile vart ei svært triveleg og lærerik affere, som enda med at eg fekk meg eit nytt og sjølvlaga longboard av typen Loaded Dervish.

Vel heime vart det ein tur på treningssenteret før eg sette meg ned for å oppdatere bloggen og morgonfuglen fann senga og sovna så lang som ho var. Nett i sta snudde ho litt på seg, smilte og mumla "aha!" og så sov ho vidare. Kva den lyse idèen var får me nok aldri vite, men ein ting er sikkert: Hon är så söt när hon sover...

2 kommentarer:

Jeanette sa...

Håpe dokke (regna me Elisabeth he tenkt d ut) får me dokke alt heim! Vi las dessverre på Continental sine side at jada, heim kan du ta me to kofferta pr. person på 23 kg. Å maksvekta kan vere opptil 32 kg. Men d gjaldt visst dei på 1 klasse :/ Men billigere me en koffert ekstra, enn overvekt.

rut sa...

kor koseleg!! ej lika dåkke!!