Turen vidare gjekk gjennom ørkenen og det har vi fått kjenne på kroppen. Etter eit par timar i bilen var temperaturen ute gått opp om lag 15 grader, og det var ein varm vegg som slo mot oss då vi kom ut. Det er deilig med varmt ver! Ørkenen var flott å sjå på med spanande fjellformasjonar, knall blå himmel, mykje grus, saltsjøar og dårlege vegar.
Vel framme har vi flytta inn på hotellrommet. Utforskinga av Las Vegas får vi ta i morgon, no er eg klar for å sove. Igjen.
4 kommentarer:
Kjører fru Hunnes?
:)
Det er daarleg med kjoering paa meg. Syns i grunnen det ser litt skummelt ut!
Ja! dessuten er det svært viktig med en sidemann som kan nå frysebag og de goder den har, slik at sjåføren har det bra!
Enig! Et veldig godt poeng!
Legg inn en kommentar