lørdag 26. juni 2010

Sjopping

Dagen i dag starta med fotballkamp kl 0700. Hans Jakob får verkeleg prøvd seg på å sjå fotball til alle døgnets tider no, og eg tykkjer at kamp kl 0700 er mykje betre enn kl 1000. Då får vi mykje ut av dagen!

Og det vil eg seie at vi har fått i dag. Med høg fart (puls) har vi (eg) køyrt (vore passasjer) i bilen. Og med GPS er det ingen sak og navigere. Eg er glad eg slepp å vere kartlesar. GPSen førte oss direkte til Wal*Mart der vi gjorde store innkjøp til ein billeg penge! No har vi fryseboks i bilen som til ei kvar tid skal vere full av god drikke, pålegg og snop. Vi har og fått nye og billege toalettsaker, og vi hadde stadig vekk problem med å velge mellom alle smakane, luktene og storleikane på t.d. sjampo, barberskum, tannkrem osb.

Etter Wal*Mart reiste vi til to ulike Ross-butikkar, ein Marshalls og aller sist til Las Americas outlet-kjøpesenter. På desse butikkane var målet å finne klede til ferien. Det gjorde vi! Sjå berre her!


PS1: Hans Jakob lovar å komme sterkare tilbake med blogginnlegg om bilen i morgon!
PS2: Om du trykkar på bildemontasjane vi legg ut vert dei større!

PS3: Vi har ete heimelaga sandwich med kalkunskinke, ost og sennep. Snop type Starburst og Twisslers. Vatn med smak, jordbær-fanta og Dr. Pepper. Og sjølvsagt hamburgar frå MacDonalds.

5 kommentarer:

Unknown sa...

Pappa(og mamma) seier: Kjekt å sjå kor kjekt dokke har det!Regn, ullkle, steinarbeid, Tindebu!!Vi har det kjekt vi også!

Jea sa...

Syns d e vel masse spising på Mcern;p

Jorun sa...

Likte bildemontasjen! Kan si jeg er _litt_ misunnelig her jeg sitter etter en lang arbeidsdag og med øs pøs regn ute... Kos dere!:D

Narve sa...

Observasjon: Svært mange ulike frisyre på Hans Jakob i løpet av den handlerunda.

Hans Jakob sa...

Godt observert Narve! Rein slump. Sjølvsagt. Personleg likar eg best Juan Thomas-looken nest øverst til venstre.