søndag 27. juni 2010

Matprat

Fleire har kommentert matpratet vårt. Dagen i dag avslutta vi på ein butikk som overgår Meny og Ultra på alle moglege måtar. Utvalet innanfor kjernesunn mat er fantastisk. Frukt og grønsaker er stabla i radrette pyramider. Det er ferskvarediskar kvar enn ein snur seg. Og ein kan kjøpe varm middag, salat og meire til i lausvekt. Besøket resulterte i SUNN takeaway-middag til Elisabeth, herleg Tropicana appelsin, mango og fersken-juice, grønsaker til sandwichane våre og tilslutt litt av ein herleg organisk is. Vi er Whole Foods-frelst!


Før dette butikkbesøket var vi på Las Americas outlet mall og sjoppa litt meir! Kjøpesenteret ligg heilt på grensa til Mexico, faktisk så nærme at til og med kan kalle det eit steinkast unna. Det tek berre tjue minutt å køyre dit, så San Diego ligg faktisk ganske nærme grensa. Det merkar vi og på at omtrent alle snakkar spansk her, i tillegg til at det på mest alle radiokanalar vert spelt latin-amerikansk musikk. Skuldrane mine har senka seg betrakteleg som passasjer i doningen, så no kan eg både høyre på musikk og vere GPS-assistent samstundes. Eg ser derimot mørkt på benisinforbruket sidan vi allereie har brukt ein 1/4 tank. Dessuten har Hans Jakob oppdaga ein sportsfunksjon som gjer at bilen kan køyre enda fortare og sluke enda meir bensin. Jaja.

Nett no ligg Hans Jakob i senga og sovnar til ESPN (sportskanalen), medan eg sit og bloggar. Det er kjekt at så mange følgar oss på bloggen. Det gjev motivasjon til å halde fram med daglege oppdateringar! Vi har forresten ny dagsrekord i besøkande på bloggen i dag! 86 stk har vore innom! Stas!

5 kommentarer:

rut sa...

oj, fyrst no heng eg meg på bloggdagboka! k-j-e-k-t!!! og visuell som eg er, får eg stor nyting ut av bileta dykkar!!! gøy. vert igjen inspirert til å kjøpe meg fotoapparat! kjekt at de har det kjekt. kos dykk vidare!! stor klem

Solveig sa...

Lika shortsen din!! :)

Elisabeth sa...

Til Solveig: Takk! Eg og!

Marianne sa...

Jeg liker at dere skriver omhva dere spiser, for mat er godt og da vet jeg at dere har det godt der borte!!!
SYKT artig å lese alt dere har gjort pådisse få dagene jeg har vært uten internett!
KOS dere masse!!!

Solveig sa...

Str 3 eller der omkring. Du ska få tilbake peng :)