Gårsdagen gjekk med til å finne ut av alle dei artige løysingane bilfabrikkanten hev for at amerikanske luksusdyr ikkje skal trenge løfte meir enn ein finger.
- Handbrekket er elektrisk og opereast vha ein knapp på dæsjbordet.
- Dørene låsar seg automatisk når du set bilen i "drive".
- Det er tilstrekkeleg at nøkkelen ligg i bilen for at den kan startast med startknappen på dæsjbordet.
- Soltaket (som forøvrig går heile vegen bak til bagasjerommet) er sjølvsagt elektrisk og blendast automatisk vha ein sensor i glaset.
- Bagasjeromsdøra opnast (og lukkast!) med ein knapp på nøkkelen.
- Bilen stoggar om den trur du skulle til å rygge på noko.
- Dei elektriske skinnseta kan regulerast i 18 ulike retningar. Noko Elisabeth veit å gjere god nytte av.
Bilen går så det susar og slukar nok nokre kvadratmeter regnskog på mila. Jammen godt me brettar og stappar mjølkekartongar heime..
1 kommentar:
Takk for gode NY-tips :) vi er New York nå, og lurer litt på hvor vi skal begynne! Så vi låner litt ideer fra dere :)
Legg inn en kommentar