søndag 4. oktober 2009

Volleyballdebut

Då er første tellande turnering med NTNUI D3A over.. Og for ei helg! Vi har vore med i sonemeisterskap i Orkanger. Og vi gjorde det kjempebra!! Av 22 lag frå 2. og 3. divisjon (vi spelar i 3. div) kom vi på 4.plass :) Noko som betyr at vi slo fleire 2.divisjonslag, blant anna klubbrivalane NTNUI D2B. Eg er enno i volleyrus etter ei kjekk helg både som kantspelar og som diagonalspelar!


Solveig, Marte og eg er klare i mottak.


Marte og Rikke set blokka!

Knallbra D3A!!

Siste kampen laurdag vart pinefull då vi møtte klubbrival D2A.
Nina og Rikke og eg sat på benken og var særs spente. Men vi vant!
Her er heile gjengen..
Bak frå venstre: trenar John, Ane, Solveig, Marte og Ingrid Marie
Foran frå venstre: Nina, meg, Berit og Rikke

3 kommentarer:

Ingeborg sa...

Så kjekt, Elisabeth! Ser ut som du storkoste deg :) Godt du får brukt volleyballtalentet ditt :)

Odd Erling sa...

Heisann!! SÅ kjekt at du er i gang! :)
Du må helse så mykje til John, og spesielt til Berit, gode venner fra tida på Sunnfjord!!
Gledar meg til å følge med på framhaldet!! :)

Solveig sa...

Heia den som vinn!!