Hans Jakob tek det obligatoriske "no har Elisabeth pynta seg"-biletet før avgang. Etter det vart det liksom ikkje så mykje biletetaking.
No er eg superklar for adventstid. Rykta seier at det er 1. søndag i advent i helga, noko som gjer det lovleg å finne fram dei lilla kubbelysa, dei lilla serviettane, den lilla løperen vi fekk til bryllaupet, dei lilla hjerta som skal telje ned til jul på vindaugsruta, Julemysterietav Jostein Gaarder som vi skal lese høgt frå kvar kveld (tipp kven det er sin idé) og sist, men ikkje minst, den nydelege julekrubba vi fekk til bryllaupet av Marianne og Asbjørn.
Advent - eg ventar på deg! Kom for alt er (snart) ferdig!
(Og ja.. Eg les eigentleg til eksamen no, men det er så mange andre ting som freistar meir.)
3 kommentarer:
Julemysteriet er så kjekt, det leste vi når jeg var liten. Kan jeg komme på høytlesning ved sengekanten? :p
åååå:) Jul,jul,jul,jul!!
Jeg gleder meg sånn! Jeg har tatt opp "den store esken med julepynt", men jeg får ikke lov å åpne den før på søndag!! :)
Kos deg med jul og eksamenslesing, jeg leser også til eksamen...meeeen!!
Alle er velkomne til høgtlesing på sengekanten :) Hehe :p Eska mi skal opp i morgon! Det må pyntast før det ringar inn til helg kl fem.. ;)
Legg inn en kommentar