torsdag 3. desember 2009

Eksamenslesing

Ja, det er framleis eksamenslesinga og forkjølinga som pregar heimen! Men no er eg faktisk i gong med å lese til årets siste eksamen, og forhåpentleg siste eksamen på nærare eit år, i tillegg til at forkjølinga nesten har gitt seg. Mandag hadde eg eksamen i PED1000 - Moderne barndom der eg skreiv om barnehagens utvikling og framvekst frå 1800-talet og fram til i dag, i tillegg til at vi leverte bacheloroppgåva som vi har arbeidd med i heile haust. I går fullførte eg PED1001 - Pedagogisk filosofi og idéhistori med eit essay om Rousseau og Foucaults syn på oppseding. Det utgjer 37,5 studiepoeng av haustens 52,5 poeng. No er det lesing i PED1002 - Pedagogisk psykologi og utviklingspykologi som gjenstår. Eksamen er på mandag og nett no kom motivasjonen til meg. Eg kom på å sette på sangane vi sang i Dynamis på Sagavoll. Eg les, skriv inn notatar på dataen og syng med for full hals ("are you ready for your blessing?") og synst dermed det fortente eit blogginnlegg. Brått vart det så kjekt! :) Dessutan les eg om barnets tidlige sosiale og språklege utvikling, og faktisk er det ganske interessant. Visste du at barn som berre er 15 minutter gamle kan gjere same grimaser som mor eller far dersom det får høve til det og god nok tid?

Kanskje kan det forresten verke som det berre er liv i den eine halvdelen av ekteparet Hunnes. Hans Jakob er flink student og er lenge på skulen kvar dag. Elles går det i jobb og trening for hans vedkomande. Så han har det bra han og :)

Ha ein herleg dag alle saman! Min vart brått mykje betre!

Ingen kommentarer: