tirsdag 30. september 2008

Transport
For å kome seg til det fagre Søndmør har du mange moglegheiter.

Til dømes kan Nor-Way bussekspress frakte deg landevegen til Sykkylven frå fleire av Noreg sine storbyar.
Møreekspressen (146) er å anbefale for deg som kjem frå Oslo, då kjem du direkte til Sykkylven.
Vestlandsbussen over Stryn (431) tek deg direkte frå Bergen til Sykkylven.
Mørelinjen (630) går frå Trondheim til Moa, og derifrå tek du ein lokalbuss til Sykkylven.

Dersom du foretrekk å støtte NSB, kan du kome deg til Sykkylven, ganske rimelig, frå Sør-Vestlandet, Sørlandet og Austlandet via Oslo til Åndalsnes. Men då er det eit smart triks å vere tidleg ute å skaffe deg miniprisbillettar. Frå Åndalsnes går det togbuss til Moa, den tek omlag 1,5 time, før du set deg på lokalbussen til Sykkylven, som er framme 40 minutt seinare.

For deg som har lita tid er nok fly det kjappaste alternativet. SAS og Norwegian flyg til Ålesund lufthamn Vigra. Derfrå kjem du deg til Sykkylven på litt over ein time, først med flybuss til Moa,
og derifrå med lokalbuss til Sykkylven.

Som nemnt i invitasjonen vert vi glade for å få vite kva transportmiddel du kjem med, anten du reiser kollektivt eller med eigen bil. Då vert det lettare for oss å samordne transport til og frå fjellet og kyrkja.
Og så er det lurt å unngå dei aller seinaste ankomstane fredag og dei aller tidlegaste avgangane søndag, då kan det verte litt vanskeleg med transport til og frå fjellet.

God tur!

Ingen kommentarer: