I helga har vi teke turen heim til Sunnmøre for ei helg med planlegging saman med våre foreldre.
Vi kom heim til Sykkylven torsdag kveld og vart møtt med nybaka horn og kakao! Fredag brukte vi til oppdatering av ønskelista på Jernia, vigselssamtale med Per-Inge, far til Elisabeth, samtale med fotografen, utlevering av invitasjonar og andre førebuingar.
Laurdag morgon var vi innom blomebutikken for å snakke om blomane til den store dagen, før vi reiste til fjells til Haugenhytta. Dit kom og Elin og Odd Ragnar og dagen vart brukt både til synfaring på Orreneset, planlegging, eting av Hans Jakob sin første bacalao-middag, testing av bryllaupsdessert og prøvesmaking av bryllaupskaka.
Søndag vart brukt til oppsummering, fårikål-middag, med eplekake til dessert og meir bryllaupskake, før vi sette kursen mot Volda. Her har vi nett ete kveldsmat, og skal no ut på ei lita runde for å levere ut dei siste invitasjonane.
I morgon ventar ein tur på Volda Glassmagasin for meir oppdatering av ønskeliste, før vi set kursen tilbake att til Trondheim og ei ny skuleveke. Det har vore ei flott helg og vi gler oss framleis til bryllaup!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar