
Jorun og eg har starta på master i rådgjeving på Dragvoll, og dei tre timane med forelesing i dag baud på mange gullkorn etter kvart som vi presenterte oss for kvarandre ved å fortelje kvifor det er akkurat rådgjevarar vi har lyst til å verte..
Til dømes har eg lært at ein rådgjevar kan samanliknast med ein kartteiknar. Rådgjevaren teiknar kartet, og klienten tar vegvalget.
Og kanskje kan ei rådgjevar hjelpe nokon littegrann på kort sikt, som kan få store følgjer på lang sikt?
No er eg i alle høve i gang. Det vert spanande å sjå korleis fortsetjinga vert. Hans Jakob starta på mandag og er allereie i full gang med 4. året. I dag forsov han seg, så kvardagane er absolutt tilbake her i Trondheim!
3 kommentarer:
Å, Elisabeth, kor fin du var!!! Kjempekjempekjempefiiiin!!!!! Fin skjorte og fine sko og fin sekk!!!
Fina!!
Saknar bilde av HJ (då han forsov seg...)
"Godt begynt er halvt fullendt" er eit anna visdomsord!
Lykke til alle!!
Legg inn en kommentar