torsdag 4. februar 2010

Alt er relativt

Kva seier det eigentleg om livet mitt, når dagens høgdepunkt er å sovne med ein nokonogførtiårgamal, ikterisk, halvfeit amerikansk mann i senga?

Når skuledagen går i eitt ifrå 07.30 til 17.30 og nattevakta byrjar kl 18.00, mobilen (og med den høve til å snakke med kona) ligg att i frakken på sjukehuset, siste pasient er sendt i seng, alle lys sløkte, og eg hev krølla meg saman på søvnlaben sin samanleggbare sovesofa, vel vitande om at skuledagen igjen ventar seks søvnlause timar seinare, ja då er sanneleg ei episode Simpsons med Homer i hovudrolla dagens vesle høgdepunkt.

I 22 minutt kan eg gøyme meg bort i ei verd der ein mann som må ringe opplysninga for å få nummeret til 911, også kan vere deltidsastronaut, tryggleiksinspektør for eit atomkraftverk og superhelten "pai-mannen" på nattestid.

Det er rett og slett eit herleg avbrot i ein elles (for tida) litt for travel kvardag.
Nokre vil kanskje sverje til lyrikk, meditasjon eller "lyden av inkje" som avkopling når kvelden grip natta i halen. For meg gjer denne karen susen:



Sitat ifrå dagens episode:

"Marge, don't discourage the boy! Weaseling out of things is important to learn. It's what separates us from the animals! Except the weasel" -HS

3 kommentarer:

Elisabeth sa...

"ein nokonogførtiårgamal, ikterisk, halvfeit amerikansk mann i senga?"

Eg visste ikkje at det var slik du såg på meg, Hans Jakob!

Odd Erling sa...

http://www.youtube.com/watch?v=R4i8SpNgzA4&feature=related

Anonym sa...

Ikterisk, Hans Jakob? Du er morsom.
Cathrine