onsdag 9. desember 2009

Stort

Kva er stort? Hendingane dei tre siste dagane.

Mandag gjorde eg ferdig bachelorgrada mi i pedagogikk og kommunikasjon, så no kunne eg ha vore ferdig utdanna om eg ville. Det vil eg ikkje, men eg skal ha eit halvår fri før masteren startar til hausten.

Tysdag naut eg det å ha juleferie i fulle drag.

Onsdag, altså i dag, fekk eg meg jobb. Eg vert å finne på Møller Kompetansesenter etter jul i eit 100% vikariat på elevheimen der. Det inneber for det meste dagvakter, nokre seinvakter og nokre få helger. Eg er veldig nøgd med å ha fått ein jobb som eg allereie kjenner, men med litt meir ansvar enn som tilkallingsvikar.

Alt dette feira vi med tur på kafé i dag, etter ein liten julegåveinnspurt. Kjempekjekt!

I morgon, torsdag, skal eg fortsetje å nyte det å ha juleferie i fulle drag, med saum og handballkampen i bakgrunnen! Nett no er livet stort!

1 kommentar:

Marianne sa...

det er så kjekt Elisabeth, tenk du har fått deg jobb og alt!
Lykke til med alle juleforberedelsene!
-Bergen babe-