mandag 14. desember 2009

Kvil i fred

Eit viktig familiemedlem er ikkje lenger ein del av den vesle familien vår. Hans Jakob sin kjære Suzuki FZ vart stolen førre veke. Han vart og funnen att, og taua inn til Falck Trondheim. Og der skulle eg hente han i dag. Uheldigvis hadde nokon hatt det kjekt med å prøve å kople ledningane for å få start på mopeden. Dei var røska ut både her og der, så det var ikkje nokon vits i å prøve å reparere han. Difor, til ære for Hans Jakob sin kjære FZ, ei lita biletframsyning til minne om ein god kamerat som no er på veg til vrakhaugen.

3 kommentarer:

Marianne sa...

R.I.P

OK sa...

Tankane går til min gjenverane enkemoped, E sin systermoped og eventuelt andre sørgjande.

For to år sidan vart mopedane våre introduserte for kvarandre for fyrste gong. Det var kjærleik ved fyrste blink, sjølv om dine blinkljos ikkje verka. Eg tykkjer det seier ganske mykje. Min var dama med kvitt sete, lerkeljod og eineståande evne til fartsendring. Din var mannen med oljesvart sete, motorsagljod og suvuren toppfart. Dei var kvarandre sine koppar med te.

Og forholdet starta godt. Minst ein gong var dei med oss på klatretur. Minst ei natt var dei på safari på Singsaker. Ein gong køyrde dei på stien opp mot Geitfjellet. Ein gong køyrde dei på glattisen for å kjøpa sjokolade på Nidar. Ein gong tok dei deg og di til stranda.

Etter ei god handfull stemnemøte flytta mopedane våre saman i Klæbuvegen. For å feira forholdet, la dei ut på sambuarferd mot Selbu. Men med hundre kilo i last og med for mykje meitta olje i maskineriet, fekk mopeden din vondt på nervene. Turen endte på Rosenborg.

Sidan har mopeden din aldri vore den same. Han valde å flytta ut førre jul, og gøymde seg i ein isklump utanfor K36. Våren klarte ikkje vekka attende lysta for verken seg sjølv eller andre mopedar. Kall det mopedtjuveri eller kall det mopedeutanasi; det er kanskje to sider av same sak.

På vegne av min enkemoped ljoser eg fred over minnet.

Elisabeth sa...

Takk for veltenkte tankar!