lørdag 8. mai 2010

Eksamenstid..

Nett no er det eksamenstid.. Det er eksamenstid for mange, men ikkje for meg!
Sidan eg jobbar denne våren kan eg nyte den til å gjere mange andre kjekke ting, og eg tenkte at denne gleda kunne eg dele med dykk!

Så medan Hans Jakob les og les, gjer eg ting som dette..

Eg et sein konefrukost som Hans Jakob har laga til meg før han går på skulen.


Eg scrappar bryllaupsalbum og slepp ryddinga. Sidan Hans Jakob ikkje er nok heime til å merke at det er rotete..


Eg har supergod tid om ettermiddagane, noko som gjer at eg kan longe heim frå jobb på Heimdal. Fem km nedoverbakke + fire km flate er ikkje å forakte!


I dag har eg turorientert i marka på Trolla. Det var skikkeleg kjekt, og eg såg mange rare ting på min veg.


Eg såg blant anna åtte slike o-flagg.


Eg fann og ei diger maurtue, der alle maurane gjekk oppå kvarandre på toppen av tua.



Eg såg og dette svært forfalne småbruket. Og eg har tydelegvis lest for mykje krim i det siste, for heile tida medan eg tok bileter på tunet, venta eg at ein gal mann skulle kome ut av huset og angripe meg. Heldigvis var der ingen gal mann.

Og no ventar eg berre på at sola skal kome og vere her ei stund, slik at ettermiddagane neste veke kan brukast på beachbana. Så om du treng ei pause frå eksamenslesinga, eller berre har fri slik som meg, er du hjerteleg velkomen til å vere med på mine sprell! Eg elskar eksamenstid utan eksamen!

5 kommentarer:

Marianne sa...

jeg kjenner at jeg er en smule missunelig, men du og du som du fortjener å ha god tid til kjekke ting!!
Nå er det ikke lenge til jeg kommer, og jeg GLEDER meg:)

Solveig sa...

Ditta hørtes heilt herlig ut! Likte spesielt rotebildet.. mitt rom har akkurat blitt vaska i anledning at huseier skal arrangere visninger her.. men før det så flaut det med prospekt OVER ALT!

Anonym sa...

elisabeth, eg diggar deg!!! eg vil leike med deg!

Elisabeth sa...

Då syns eg du kan kome på besøk! :D

Anonym sa...

ja, eg tenkjer på det! litt vanskeleg å smette det inn mellom alt, men eg skal sjå kva eg får til! kan ikkje verte før om tre veker i alle fall!