fredag 15. januar 2010

Vinter i Trondheim

Gradestokken viser nett no -7,7 , og det er mildvær om ein skal tenke på dei to siste vekene sitt kalde vintervér. Heilt ned i -24 har vi hatt, og det har vore kalde morgonar å stå og vente på bussen til jobb. Men det gjer eigentleg ingenting når det vert sjåande slik ut, ute.


Trondheim er utan tvil flott i vinterskrud!

Elles har kvardagslivet innhenta oss. To veker på jobb er akkurat nok til å kjenne at det eigentleg er godt å vere student, men eg klagar ikkje. Det er kjekt å vite at det eg gjer førar til at kontoen veks! Og med meir ansvar på arbeid er det og kjekkare, utan tvil! No er Hans Jakob på trening, og snart skal eg og. I morgon spelar vi den tredje rankingturneringa i volleyball denne sesongen. Det vert spennande å sjå korleis det går! Ha ei god helg alle saman!

Ingen kommentarer: