torsdag 10. september 2009

Short is the new long

I ein ubevakta augneblink tok eg mot til meg, sette ledninga i støpselet og let det stå til. Resultatet vart som fylgjer:



Etter reaksjonane å dømme hev eg i alle høve fått forstå at folk likte sveisen min før. Det er då noko.

Kva som eigentleg fekk meg til å snaue sveisen sist onsdag, hev ikkje gått opp for meg før eg gjekk gjennom ein del gamle bilete for å finne eit "før"-bilete til "før-og-etter"-bilete eg hadde tenkt å poste på bloggen.

Det manglar nemleg ikkje på inspirasjonskjelder i familien. Sjå berre her:


Mor


Far og nevø nr 1


Nevø nr 2


Bjørnar


Rut


Odd Erling


Visste de forresten at alt håret på kroppen tilsaman veks omlag 53 meter for dagen?

5 kommentarer:

Elisabeth sa...

Kvifor tok du ikkje med mamma og pappa? :) Eg syns du er morosam sjølv om eg kanskje er litt inhabil!

Odd Erling sa...

Syns du var lekker, eg!!! :)

Solveig sa...

Herlig! Når Elisabeth fortalte det så va faktisk min første tanke at du kom til å ligne på din nevø, ja :D Og ej lika kort hår! :D No må du berre skaffe mej en jobb. Ref. uttrykket: Klipp dej og skaff mej en jobb. Fritt oversatt.

Hans Jakob sa...

Takker bror! Når sant skal seiast så visste eg vel korleis det ville komme til å sjå ut etterpå. Eg hev no sett deg med kort hår gjennom heile oppveksten. Intet avskrekkande syn! Me like!

Solveig: Eg trur uttrykket impliserar at den som er ute etter jobb må få hårklippen. Eg hev hårklippar med 14 timars batterilevetid! Norgespakke? Eg berre spør.. :)

Elisabeth: Trur ikkje det er opplese og vedteke at kåne skal syns at ektemennene deira er morosame. Gje meg eit par år til med dei samme gamle historiene, så skjønar du nok kva eg meiner :)Me får nyte det så lenge det varar. Begge to.

Rut sa...

Eg synest i alle fall at du kler sveisen betre enn eg gjorde, og i tillegg er eg samd med elisabeth i at du er morosam. Og i tilfelle Solveig ofte er innom her, så vil eg rette ei helsing til deg òg, sjølv om eg innser at eg er inne på bloggen alt for sjeldan til å vere med i denne kommunikasjonen... oppdaga nett no at alle de hine har skrive 10. september... flaks du er inne på facebook no, hansi. elisabeth, eg ventar deg der inne òg, no snart.
i alle fall, så ville eg seie at eg synest det er så kjekt at du har bestilt kalender av meg, solveig!!
no må eg gå og snakke med gud før eg legg meg, for eg har noko viktig å ta opp med han, og det har med romantikk å gjere...