fredag 22. mai 2009

Noko skjer..

17. mai: Frukost, kyrkje, tog, is og pølser og deretter 17.mai-fest

Følgjande bilete oppsummerar dagens høgdepunkt.

19. mai: Eksamen og orientering

Eksamen gjekk bra og orienteringa enno betre! Denne gongen kom eg på at eg kunne sjå etter stiar, bekkar, elver og myrer på kartet. Brått vart det mykje lettare å orientere seg. Eg kom på 2. plass i mi klasse. Framleis slått av langt eldre damer. Dei har truleg både betre kondis og orienteringsevne. Men det er lenge til eg er så gammal, så eg har mange år å gjere det på.

22. mai: Lesedag

Hans Jakob er framleis på skulen. Eg har kome heim. Lagar kort så det står etter for tida. Har fått to bestillingar, bilete kjem på lage-bloggen etterkvart. Ha ei god helg!

Ingen kommentarer: