onsdag 11. mars 2009

Vi er i Riga!

Så, kva har vi gjort til no?

Vi har eigentleg ikkje så mykje å fortelje. Det florerar ikkje med kulturelle opplevingar her, men vi har likevel nokre betraktningar om landet vi er i og hovudstaden der.

Det er kaldt og snekje her. Folket er likeså.
Det jobbar mange i kvar butikk, og bak kvar ein disk. Timelønna må vere låg.
Alle damer kan å gå på høge stiletthælar.
Kinotilbodet er svært bra. Vi har sett to filmar til no! Det er halv pris.
Menn går med små svarte feminine vesker, men kompenserer med maskuline bartar.
Den varme sjokoladen er like tjukk som sjokoladesaus. Ein vert mett.

Det er nedtelling til grøn mann.
Taxi heim er billigare enn ein bussbilett i Trondheim.
Hans Jakob kjem til å vinne 10 lat (130 kr) i Riga-mesterskapet i speling. Han leiar 14-4.
Eg har bursdag om 16 minutt! Lurt å reise til Riga. For då har eg bursdag ein time før enn om vi hadde vore i Noreg.

10 kommentarer:

Anonym sa...

Hipp hurra for deg Elisabeth idag!:) Nyt kino og kakao og kvarandre! Vi ønsker dokke ein strålande dag;)
klem frå simen, heidi og olav

Anonym sa...

Vi gratulerer,vi gratulere med dagen som Herren deg gav. Vi gratulerer, vi gratulerer og ønsker deg Guds velbehag! JAAAAA! (Vi kan berre gje deg den lydlause versjonen her, men trykker du Hansi på nasa, får du den med lyd;)...)

Stor klem frå Gunborg, Trond, Mathias, Hanna, og Nathanael

Anonym sa...

Herved føyer jeg meg inn i rekken av gratulanter, Elisabeth! Masse gode ønsker til deg, (og mange gode tanker om deg!) fra svigermor!

Anonym sa...

Kom på en ting til, du bursdagsbarn.. apropos kakao..:) Unn dokke en skikkelig sjokoladewrap på nærmaste spa-avdeling! Utrulig deilig!
mmm...

Anonym sa...

Hæppi børsdai tu ju,hæppi børsdai tu ju, hæppi børsdai tu Elisabeth..! Hæppi børsdai tu ju!! :)

Klem, OE & C :)

Hans Jakob sa...

Hei!
Tusen tusen takk for alle kjekke helsingar! Eg har hatt ein heilt super dag! Eg har fått scrapbookutstyr, pulsklokke!!, og så har eg kjøpt meg nye joggesko på supertilbud. Nedsatt frå 1200 kr til 300 kr :) Det er kjekt! No skal vi ein tur ut og sjå på livet på og frå Rigas høgste hotell!
Elisabeth

Anonym sa...

Dei hætaste gratulasjonæ sænnjæs hærved frå hovedstaden! mvh Sosialistane! =) Solveig & Runar

Anonym sa...

Kjære kjære elisabeth!!!
Viss du ligg ein time før meg i løypa, noko du røpte i blogginnlegget, så er eg jammen ute i siste liten!
GRATULERER GRATULERER MED DAGEN!!!

Sjølv kan eg røpe, sidan du allereie har røpt noko, at eg ikkje har vore inne på bloggen dykkar sidan bryllaupet, og at eg altså har gått glipp av ei veldig koseleg side, men at eg til gjengjeld nett har hatt ei veldig fin oppleving. Det var nemleg veldig koseleg å lese og sjå bilete av alt det de har lagt ut der! De er flinke til å skrive gøy. Du har gjort veldig artige observasjonar i Riga! I Bergen òg sel dei kakao som er så tjukk at ein nesten må ete den med skei. Det knasar nesten når ein tygg han. Men eg har ikkje smakt han, då. Men eg har fått det fortalt.
Eg likar dykk.
Kos dykk vidare.
Det var veldig kjekt å høyre at du har hatt ein så fin dag!!

Anonym sa...

Oj, eg meinte sjølvsagt Elisabeth. Med E. Stor E. Veldig stor. =)

Møyfrid sa...

kjære dokke to!

Eg oppdagte nettopp denne bloggen eg.. har liksom venta på oppdatering på den gamle! Gratulera så masse med overstått bryllup. Håbe dagen va fantastisk - utfrå ansiktsuttrykkå på bildene virka det i alle fall sånn.

Stor klem fra Møyfrid