fredag 6. november 2009

Jobbsøking

Som fleire andre i familien min har jobbsøking vore eit hett tema for meg dei siste månadane.. Eg har fri etter jul før eg startar på master i rådgivning hausten 2010. Og er difor midt inne i jobbsøkingsprosessen, og i går var eg på intervju i NAV som teiknspråkleg saksbehandlar. Av ni søkjarar var eg ein av fire som vart innkalt til intervju. Jippi! Men.. Eg trur eg må ha fått tidenes kjappaste tilbakemelding, dei ringte i dag. Av dei fire som var innkalt på intervju var mi teiknspråkkompetanse den dårlegaste (det er litt vanskeleg å konkurrere med folk som har snakka teiknspråk heile livet). Difor fekk eg ikkje jobben, men eg lærte mykje, og eg er hjertelig velkomen dit i praksis på rådgivningstudiet og kanskje ser eg ei masteroppgåve i emning? Om rådgivningssamtalar med døve? Det vert i alle høve spanande :) Elles står eg på vidare og skal på intervju att i neste veke. Så dette er det som skjer med meg for tida. I tillegg til intensiv skriving på bacheloroppgava og eksamensfrykt. Ha ei god helg!

søndag 25. oktober 2009

3-0 over Reima jr.

Så var årets første seriekamp over. Vi vant, men det var berre så vidt av og til.. Eg spelte min første kamp som leggar og det var utruleg forvirrande. Uansett, eg hugsa systemet etter kvart og spelte betre etterkvart! Ha ein god søndag. Eg skal på jobb.

onsdag 14. oktober 2009

Dette er oss. Vi er ekteparet Hunnes jr. Og vi gler oss slik til å reise til USA til neste år! I dag har vi planlagt mykje, bestilt hotell og greier..! Kjekke saker!

Stick Figure Family at FreeFlashToys.com
Make your Stick Figure Family at FreeFlashToys.com

søndag 4. oktober 2009

Volleyballdebut

Då er første tellande turnering med NTNUI D3A over.. Og for ei helg! Vi har vore med i sonemeisterskap i Orkanger. Og vi gjorde det kjempebra!! Av 22 lag frå 2. og 3. divisjon (vi spelar i 3. div) kom vi på 4.plass :) Noko som betyr at vi slo fleire 2.divisjonslag, blant anna klubbrivalane NTNUI D2B. Eg er enno i volleyrus etter ei kjekk helg både som kantspelar og som diagonalspelar!


Solveig, Marte og eg er klare i mottak.


Marte og Rikke set blokka!

Knallbra D3A!!

Siste kampen laurdag vart pinefull då vi møtte klubbrival D2A.
Nina og Rikke og eg sat på benken og var særs spente. Men vi vant!
Her er heile gjengen..
Bak frå venstre: trenar John, Ane, Solveig, Marte og Ingrid Marie
Foran frå venstre: Nina, meg, Berit og Rikke

mandag 21. september 2009

Haust


Var ein kjapp tur heime i helga. Køyrte nedover fredag med kjekt selskap av Britt i bilen. Laurdag var vi på kyrkjemessa (ordentlig basar), men hovudsaken til at eg var heime skjedde søndag. Pappa hadde si siste gudsteneste i Sykkylven kyrkje, og der var det åtte barnedåp, full kyrkje og avskjedsfest. Både kjekt og litt rart på same tid.. Etter gudstenesta reiste eg vidare til Volda for å levere frå meg bilen til svigermor som vi har lånt heilt sidan januar. Tusen takk for lånet! No er eg tilbake i Trondheim og her går det i skule, eplejuice-pressing (var på epleslang i hagen heime), planlegging av haust-tur til Oslo og jobb. Ha ei god veke!

mandag 14. september 2009

Brudlaupsreise 2010

Då er billettane booka, vi reiser til New York og California/Nevada i fire veker til sommaren! Vi gler oss til roadtrip!

torsdag 10. september 2009

Short is the new long

I ein ubevakta augneblink tok eg mot til meg, sette ledninga i støpselet og let det stå til. Resultatet vart som fylgjer:



Etter reaksjonane å dømme hev eg i alle høve fått forstå at folk likte sveisen min før. Det er då noko.

Kva som eigentleg fekk meg til å snaue sveisen sist onsdag, hev ikkje gått opp for meg før eg gjekk gjennom ein del gamle bilete for å finne eit "før"-bilete til "før-og-etter"-bilete eg hadde tenkt å poste på bloggen.

Det manglar nemleg ikkje på inspirasjonskjelder i familien. Sjå berre her:


Mor


Far og nevø nr 1


Nevø nr 2


Bjørnar


Rut


Odd Erling


Visste de forresten at alt håret på kroppen tilsaman veks omlag 53 meter for dagen?