tirsdag 30. september 2008

Transport
For å kome seg til det fagre Søndmør har du mange moglegheiter.

Til dømes kan Nor-Way bussekspress frakte deg landevegen til Sykkylven frå fleire av Noreg sine storbyar.
Møreekspressen (146) er å anbefale for deg som kjem frå Oslo, då kjem du direkte til Sykkylven.
Vestlandsbussen over Stryn (431) tek deg direkte frå Bergen til Sykkylven.
Mørelinjen (630) går frå Trondheim til Moa, og derifrå tek du ein lokalbuss til Sykkylven.

Dersom du foretrekk å støtte NSB, kan du kome deg til Sykkylven, ganske rimelig, frå Sør-Vestlandet, Sørlandet og Austlandet via Oslo til Åndalsnes. Men då er det eit smart triks å vere tidleg ute å skaffe deg miniprisbillettar. Frå Åndalsnes går det togbuss til Moa, den tek omlag 1,5 time, før du set deg på lokalbussen til Sykkylven, som er framme 40 minutt seinare.

For deg som har lita tid er nok fly det kjappaste alternativet. SAS og Norwegian flyg til Ålesund lufthamn Vigra. Derfrå kjem du deg til Sykkylven på litt over ein time, først med flybuss til Moa,
og derifrå med lokalbuss til Sykkylven.

Som nemnt i invitasjonen vert vi glade for å få vite kva transportmiddel du kjem med, anten du reiser kollektivt eller med eigen bil. Då vert det lettare for oss å samordne transport til og frå fjellet og kyrkja.
Og så er det lurt å unngå dei aller seinaste ankomstane fredag og dei aller tidlegaste avgangane søndag, då kan det verte litt vanskeleg med transport til og frå fjellet.

God tur!

søndag 28. september 2008

No har vi laga ferdig alle invitasjonane! Og det var kjempekjekt!
Dei aller aller fleste er no sendt av garde eller levert personleg til mottakarane.
Svara har faktisk også byrja å tikke inn.
Postar nokre bilete frå arbeidet med invitasjonane.
Vi gler oss til å få endå fleire svar!


onsdag 24. september 2008

Velkomen!
Her i Trondheim går planlegginga så det susar.
No er snart alle invitasjonane ferdige,
nokre har allereie fått sine, og det er sikkert difor
du nett no les akkurat dette.
Etterkvart skal vi leggje til litt meir informasjon her.
Til no har vi lagt ut litt lenkjar til høgre på skjermbilete.
Der kan du finne lenkjar til ønskelistene våre,
og til ulike transportmiddel,
som kan frakte deg som ikkje har bil til Sunnmøre.
Vi gler oss veldig mykje til å sjå deg i januar!
Ha ein flott dag!