tirsdag 25. mai 2010

Glade maidagar

Det er framleis kjekt med mai, sjølv om juni nærmar seg faretruande. Med juni kjem ferie, forhåpentleg varmt vér, bryllaup og USA. Alle ting vi ser fram til og gler oss til :) Men livet er no, og eg kosar meg her og no. Berre sjå..

1. pinsedag var det tid for å lufte turnsokkane att. Det er framleis litt kaldt i sanda, og dei gjer nytta mot kulde, spisse steinar og glasbrot! :) Turnsokkar er tingen.

Saman med Nina, Gudrun og Stine vart det nokre kjekke timar i Dødens dal.


Gudrun kosar seg i sanda, og Nina smashar seg inn til å verte queen of the beach.


Kjekk dag med kjekke folk :)

lørdag 22. mai 2010

Marianne-besøk

Forlover Marianne har vore på besøk og vitja meg sidan onsdag. Og det har vore kjempekjekt!
Torsdag grilla vi i bakgården saman med Nathalie. Og seinare på kvelden kom og Sigrun for å spele A til Å.


Fredag avspaserte eg frå jobb, og det passa bra sidan det var sol og veldig varmt! Marianne lærte å stå på longboard. Og ho var eit naturtalent. Så sidan ho var så flink tok vi turen til byen på bretta og stoppa innom solsiden for å ete is.


Då vi kom heim att vart det scrapping og settlers i sola i bakgården.





Det har vore herleg å ha deg på besøk Marianne! Du lyser opp i kvardagen!

lørdag 8. mai 2010

Eksamenstid..

Nett no er det eksamenstid.. Det er eksamenstid for mange, men ikkje for meg!
Sidan eg jobbar denne våren kan eg nyte den til å gjere mange andre kjekke ting, og eg tenkte at denne gleda kunne eg dele med dykk!

Så medan Hans Jakob les og les, gjer eg ting som dette..

Eg et sein konefrukost som Hans Jakob har laga til meg før han går på skulen.


Eg scrappar bryllaupsalbum og slepp ryddinga. Sidan Hans Jakob ikkje er nok heime til å merke at det er rotete..


Eg har supergod tid om ettermiddagane, noko som gjer at eg kan longe heim frå jobb på Heimdal. Fem km nedoverbakke + fire km flate er ikkje å forakte!


I dag har eg turorientert i marka på Trolla. Det var skikkeleg kjekt, og eg såg mange rare ting på min veg.


Eg såg blant anna åtte slike o-flagg.


Eg fann og ei diger maurtue, der alle maurane gjekk oppå kvarandre på toppen av tua.



Eg såg og dette svært forfalne småbruket. Og eg har tydelegvis lest for mykje krim i det siste, for heile tida medan eg tok bileter på tunet, venta eg at ein gal mann skulle kome ut av huset og angripe meg. Heldigvis var der ingen gal mann.

Og no ventar eg berre på at sola skal kome og vere her ei stund, slik at ettermiddagane neste veke kan brukast på beachbana. Så om du treng ei pause frå eksamenslesinga, eller berre har fri slik som meg, er du hjerteleg velkomen til å vere med på mine sprell! Eg elskar eksamenstid utan eksamen!