mandag 13. desember 2010

Juleferie


13. desember, sjølvaste luciadagen, starta eg idag kl 0730 i Vår Frue kirke. Luciamorgon med luciatog, flotte damestemmer i Cantus og solo av mi gode barndomsvenninne Cesilie sette stemninga for det som skal verte ein kjekk adventsdag med julehandel. Ferda gjekk no vidare til Choco Boco for julekortskriving medan eg venter på at butikkane skal opne. Eg likar juleferie!

søndag 7. november 2010

RBK-AAFK

I skrivande stund er det 1-1. Eller, nei, der vart det mål til Rosenborg, så 2-1 vart det.. men vi kosar oss med kakao og har det ikkje så verst likevel..

lørdag 30. oktober 2010

Cupcakesslabberas

Laurdagskos med cupcakes- og kaffeslabberas saman med Solveig og Hans Jakob. Cupcakesa kjøpte vi i dyra dommar på statens diettpengar hos fairytale cupcakes og no er dei fortært med påfølgande snittkarakter og plassering..

lørdag 16. oktober 2010

torsdag 30. september 2010

Lunsj i det fri..

Ikkje verst å kunne innta lunsjen på Estenstadhytta med utsikt over fagre Trondheim i sola. Hausten er ei fin tid!

søndag 19. september 2010

Turnering

Denne helga har gått med til volleyballturnering på Dragvoll. Kjekk sesongstart med eit nesten heilt nytt samansett lag, D2C. Artig :)

Vi overraska oss sjølve stort med to seirar i går, men tapte to kampar i dag, noko som resulterte i ei plassering litt under midten av 12 lag. Eg er i alle høve særs nøgd med sesongopninga, og gler meg til resten av sesongen saman med kjekke jenter!



søndag 5. september 2010

Godværshelg

I går pakka Hans Jakob og eg sekken, etter nøye å ha sjekka vermeldingane. God temperatur, fare for sol og absolutt ingen fare for nedbør gjorde det overkomeleg for oss to å legge ut på overnattingstur i marka. Hovudmålsetninga var å prøve ut dei nye soveposane våre.

Kort oppsummert kan ein seie at døgnet vårt på tur baud på mykje mat, gode soveposar, bra bål, lite fisk, litt hekling og til slutt ein herleg middag (minus desserten) på Studenterhytta.


Forkasta oppvaskstativ gav god oppfyringsved. Akkurat passeleg telt for to. Blikkstille vatn og etterkvart stjerneklar himmel.


Pannekaker til kvelds og frukost. Morgonhekling i shorts.

Morgonbad. Og kaffe på verandaen til Studenterhytta. Kjekk helg! Kjekke folk!

torsdag 26. august 2010

.. som perler på ei snor..

Første skuledag er over for denne gong. Saman med Jorun (som eg gjekk ped saman med) trappa eg opp til første skuledag. Og som på så mange andre første skuledagar var bileter på sin plass :p

Jorun og eg har starta på master i rådgjeving på Dragvoll, og dei tre timane med forelesing i dag baud på mange gullkorn etter kvart som vi presenterte oss for kvarandre ved å fortelje kvifor det er akkurat rådgjevarar vi har lyst til å verte..

Til dømes har eg lært at ein rådgjevar kan samanliknast med ein kartteiknar. Rådgjevaren teiknar kartet, og klienten tar vegvalget.
Og kanskje kan ei rådgjevar hjelpe nokon littegrann på kort sikt, som kan få store følgjer på lang sikt?

No er eg i alle høve i gang. Det vert spanande å sjå korleis fortsetjinga vert. Hans Jakob starta på mandag og er allereie i full gang med 4. året. I dag forsov han seg, så kvardagane er absolutt tilbake her i Trondheim!

onsdag 28. juli 2010

San Francisco

Vi er heime att i Noreg, og har snart vore det i ei veke. Tida gjekk fort mot slutten i statane, og den har i alle høve gått fort her etter at vi kom tilbake, difor kjem det no ei svært forseinka oppdatering om den siste dagen i USA.



Dagen starta med eit besøk på fengselsøya Alcatraz. Her fekk vi ein guida audiotur. Dei farlegaste skurkane i USA budde her, og vi fekk høyre historier om rømmingsforsøk og litt av kvart anna. Etter dette gjekk vi bortover kaiområdet Fisherman's Wharf og såg på sjøløver, gamle krigsskip og rare gatemusikantar.

Eg hadde eit stort ynskje for dagen, og det var å ta trikken, eller trammen som dei kallar han der. Der var det så lang kø at vi heller bestemte oss for å gå trikkeskinnene og ta eit bilete av trikken i ein bratt bakke :) Eit godt val viste det seg, for trikkeskinnene førte oss rett forbi dørene til sjømannskyrkja i SF. Her fekk vi kaffe, vafler, omvisning i kyrkjerommet og god prat. Trikkeskinnene førte oss vidare opp til toppen av bakken der vi kom over "the crookedest street", som er ei svært bratt gate med mange svingar.

Denne følgde vi ned, og vidare viste Finn Vegar oss vegen heimatt i gåmodus til bilen. Slettes ikkje verst. Turen heim gjekk bra for begge to. Dei siste dagane har Hans Jakob vore på Lyngør på familieferie, og eg har vore i bryllaup i Sykkylven. Det har vore godt å kome heimatt til Noreg og!

Kva som skjer vidare på bloggen i sommar er ikkje godt å seie, vi får sjå! :) God sommar vidare!

søndag 18. juli 2010

If you are going to San Francisco

Frå Ventura (som mellom anna er kjend for ein pet-detective med kreativ frisyre) gjekk turen langs Highway 1 til San Francisco. Her gjekk det for alvor opp for oss kor framande amerikanarane er for vegar som svingar. Kvar einaste ein av dei køyrde som tyske campingturistar i Norangsdalen ein varm sumardag. Men med Knausgårds første "Min kamp" på lydbok over høgtalarane gjekk det framover og utsikta var mildt sagt upåklageleg.

Flott utsikt 1


Flott utsikt 2

Ventura beach

På veg oppover frå Los Angeles til San Francisco er det mange fine strender. Ventura Beach ei av dei. Bølgene var ikkje dei største, og brettet var nok heller ikkje det mest stabile, men det var gøy, veret var fint, og eit kjekt avbrekk frå køyringa var det og!

Universal Studios

Dei to heile dagane vi hadde i Los Angeles var korte og intense. Dag 1 vart brukt i Universal Studios, og dag 2 vart brukt i fornøyelsesparken Six Flags.

I Universal har dei bygd ei virtuell rollercoaster basert på TV-serien The Simpsons, til Hans Jakob si store glede. Køa skulle ta omlag 15 minutt, men sidan vi var eit "party of two" gjekk det heile mykje fortare til mi si store bekymring. Utan høve til å sjå for meg svingane og dumpane vi skulle forsere snudde eg i døra (eg har jo aldri tatt berg- og dalbane før, og dette vart litt for skummelt for den av oss med motionsickness).


Hans Jakob derimot kom smilande ut, etter ein kjekk tur i Springfield. På utsida hadde eg lokalisert høgdepunkt nr. 2. Hans Jakob fekk endeleg møte sin store helt live.


Etter dette tok vi turen rundt om på dei ulike attraksjonane, før vi avslutta dagen på 3D-kinoen Despicable Me. Den kjem til Noreg i oktober! Absolutt verdt eit besøk (og Solveig, du liknar særs mykje på den eine vesle jenta som er med i filmen). Ekstra gøy var det å bestille stor popcornmeny. Tippar vi fekk ca 2 l brus kvar, og nok popkorn til heile filmen! Nok ein gong; I like to be in America.


Dag 2 var vi som sagt i Six Flags. Her fekk eg høve til å gjere opp att for fadesen med The Simpsons Ride. Heile fire berg- og dalbaner vart forsert, heilt utan oppkast og nesten utan å verte svimmel. Det er ny personleg rekord! Hans Jakob sitt største adrenalinkick denne dagen var då han i køa til ei berg- og dalbane måtte tilby sine medisinske tenester, då ei jente framfor han besvimte. Elles gjorde han ein god jobb som beroligande middel og!

fredag 16. juli 2010

MGM Grand

På veg tilbake frå Grand Canyon til Los Angeles hadde vi eit stopp i Las Vegas.. Det vert jo aldri nok Las Vegas! Vi budde på MGM Grand denne natta, rommet var så kult at det måtte forevigast.


Kult med TV i speglet, spegl i heile rommet og lys ein kunne skru på kun med eit "tapp" med fingeren :) Og ikkje minst, det beste sengetøyet til no.. Deilig med sengetøy heile vegen rundt, og ikkje ekle fleece eller bomullstepper..

onsdag 14. juli 2010

Grand Canyon

Dagane flyg av garde og vi er nok ein gong litt på etterskot med blogginga.. Her kjem ei oppdatering frå helga i Grand Canyon.

Laurdagen gjekk vi langs sørenden av kløfta. Dette var ein tur på ca ei mil, på til dels asfalterte "stiar" med god utsikt. Vi kunne velje om vi ville ta buss eine eller andre vegen, langs ruta vart vi heile tida minna på kor langt vi hadde att, og det heile var i stor grad turistifisert med til dømes store moglegheiter for å trille din eigen trillekoffert med på turen. Hiking altså!

Til og med dyra langs vegen var så van med folk at dei poserte ivrig. Denne vesle krabaten her hoppa omtrent opp i fanget på Hans Jakob.


Og sist, men ikkje minst. Delar av "stien" kunne ein sykle, og med slike fareskilt skulle det heile vere ei ganske så trygg oppleving. Det må seiast at det verken var særleg svingete, bratt eller store behov for å ta det rolig. Vi angra på at vi ikkje tok med longboarda. Det hadde vore noko det!

tirsdag 13. juli 2010

Finn Vegars sang

Mel: Jeg er havren

Du er særs nødvendig å ha med,
er heller aldri vanskelig å be.
På dashbordet du står så fint og flott.
Å køyre bil med deg, det er heilt rått.

Vi trykkar litt på skjermen når vi vil,
finne ut kor det er vi skal til.
Med stemma di du seier klart i frå,
kor du vil at bilen vår skal gå.

Du har mange fargerike kart,
blinkar klart når vi har for stor fart.
Visar oss kor vi kan få litt mat,
held oss alltid med koselig prat.

Left lane, right lane, ramp or straight ahead,
caluculating, redirecting mad.
Heilt utruleg at vi køyrer feil,
vi er treig, det er du som har peil.

Takk at du vil vere med på tur,
førar til at vi blir mindre sur.
Neste år vi håpar at du vil,
bli med oss på enda ein tur til.

søndag 11. juli 2010

Vesle Noreg

Vegen til Grand Canyon bestod for det meste av trådrette vegar og endelause slettelandskap. Ei rein transportetappe eigentleg. Kjølebagen baud på forfriskande drikke, og etterkvart vart behovet for eit toalett prekært. Med omlag 90 km mellom kvar westernfilmliknande småby, var lettelsen stor då vi såg at det berre var 20 km igjen til Seligman. Ein så lite sjarmerande stad at vi køyrte rett gjennom sentrum. Men behovet for toalett var framleis tilstade, og like før vi måtte svinge ut på interstaten att dukka eit motell opp. I det vi svingar inn oppkøyrselen ser eg at det er "norwegian owned". På døra til kontoret står det at eigaren er å finne i restauranten.


Vi går over tunet og skiltet på døra gjev klar beskjed om at "If you are in a hurry, this is not the place for you". Sjølv om vi eigentleg berre er ein time unna Williams der vi skal overnatte, og eigentleg er veldig klare for å komme oss vidare, er behovet for toalett så stort at vi likevel går inn. Der møter vi eigaren, ei lita gråhåra snasa dame frå Eidsvoll, som heiter Anne Lise. Ho overtalar oss til å bestille ein pizza, og medan vi sit og ventar kjem ho viftande med ein nøkkel og ber oss om å ta ein titt på rom nr. 130. Ho vil gjerne at vi skal sjå nærare på rommet og seie kva vi meinar. Allereie før vi stig inn i rommet luktar det trøbbel. På døra vert vi møtt av ei barmfager krysning mellom Dolly Parton og Synnøve Finden. Inne på rommet er veggane spekka med nasjonalromantiske motiv frå golv til tak. Det renn nok ikkje over av nordmenn i den vesle byen omlag 25 norske mil frå Las Vegas. Men om ein stakkar Ola Nordmann, med nikkers og brunostskive i ryggsekken, skulle forville seg inn i denne småbyen, og vidare ta inn på byens mest nedslitte motell, skal han ikkje vere redd for å få heimlengsel.


Vel tilbake i restauranten ventar pizzaen som me nyt i selskap av tre eldre ektepar med solbleika trailercaps, bukseselar og laustenner. Dei har truleg til vane å sitte slik med pizzaen mellom seg og merksemda retta mot tabbetvprogrammet på veggen. Vi ler og et om kvarandre.

lørdag 10. juli 2010

Julius som alle vil se

Siste natta i Las Vegas bytta vi hotell frå Stratosphere i nordenden av stripa, til Caesars Palace som ligg midt i smørauget. Med sjampo og balsam av oliven, skopussetørkle og sysaker på servantkanten, og greske gudar både her og der vart dette ein smak av antikken.

Sidan vi skulle reise vidare tidleg neste morgon hadde eg lagt eit stramt program for opphaldet. Buffeten slo desverre enkelte av turfølget ut, og han sovna som eit barn kl elleve etter ein kvil på senga. "Du veit det Elisabeth, her blir det billegare til meir du et!" Et alt du vil-buffetar og pengeknipne sunnmøringar er ein dårleg kombinasjon.

Mobilen ringte likevel kl 0750 i dag tidleg. For då var eg klar for å ta turen til hagen til gudane for å prøve badetemperaturen. Slettes ikkje verst med ekstra godt oppvarma basseng. Det vart berre nokre korte timar i hagen før vi sette kursen mot Grand Canyon, men det var absolutt verdt det!


33 over par



Me hev brukt dei to siste dagane til å svinge med køllene. Onsdag gjekk me 9 hol og torsdag 18 hol på Eagle Crest Golf Course. Det er ei oase av ei golfbane som ligg i eit finare bustadområde rett vest for Las Vegas. At bustadområdet hev sin eigen diamantbutikk sei vel det meste. Me fekk gå uforstyrra mellom parkettjamne "greenar" og harebebudde "fairwayar" i ettermiddagssola. Og kan ikkje skulde omstendene for våre 33 over par i snitt. Sjølv om enkelte meinte ho burde få trekke i frå nokre slag på grunn av 42 varme i skuggen. At dei slepp til to grønnskollingar utan grønt kort, og med alt anna enn anstendig golfcouture er i beste fall vennligsinna gjort.

Onsdag

Torsdag

fredag 9. juli 2010

No sit vi på Starbucks på veg til Grand Canyon. Det betyr at våre 8 dagar i Las Vegas er over for denne gong. Men vi ligg litt etter med blogginga, på grunn av dårleg internettilgang. Difor kjem denne bloggposten litt på etterskot.

I dag har vi nytta oss av alt det Vegas har å tilby ei prestedatter og eit misjonærbarn, med dei begrensningane det inneber.
Først late timar ved bassenget med bok og radioresepsjonen på ipoden.


Deretter nok ein tur til eit outlet mall. Dette landet kan verkeleg sjopping!


Vel tilbake på hotellet tok vi ein tur i arcaden der Hans Jakob fekk køyrt motorsykkelspel og eg fekk vinne bilettar til å lime inn i USA-albumen :)

Hotellet vi bur på har eit stort utkikkstårn med amusement park på toppen. Vi nøgde oss med å sjå på utsikta og høyre på kvina frå dei som tippa utfor kanten på tårnet. Vi er visst litt pysete.


Kvelden vart avslutta med nokre doughnuts og eit eple på stang glasert med caramel, white, milk and dark chocolate. Vi greidde ikkje ete opp nokon av delane..

tirsdag 6. juli 2010

What happens in Vegas, stays in Vegas..

Framleis sparsommeleg med internett her, men Starbucks reddar oss nok ein gong. I tillegg gir det Hans Jakob litt betre samvit til å kjøpe sin sedvanlege kvitsjokolademocca.

Tida i Vegas til no har stort sett gått med til avslapping og solslikking ved bassenget, handling (surprise surprise), og svært lite gambling. Vi har nemleg funne ut at vi syns det er kjekkare å vere på arcade'n (leikerom for borna med diverse tvspel og kroneautomatar) enn i casinoet der dei vaksne leikar.

I går var det storstilt feiring av Independence Day (merkedagen, ikkje filmen). Vi nytta høvet til å ta Stripa nærare i augesyn, og fekk med oss eit storstilt fyrverkerishow med nasjonalsongen og God Bless America, det heile tårevått framført med utallige modulasjonar.


Vi er framleis litt usikre på kva vi skal gjere etter veka vår her i Vegas. Men foreløpig har vi to alternativ, enten camping i Grand Canyon eller ein tur tilbake til San Diego. Vi er nemleg framleis svoltne på surfing.

Elisabeth nyt noko av det amerikanerane er best på.

lørdag 3. juli 2010

Las Vegas live

To innlegg frå i går og dagen før den er nettopp publisert. Vi har ikkje internettilgang på hotellet no så det er litt uvisst kor ofte det vert oppdateringar framover. Vi har det berre bra! Det er rundt 40 grader ute, noko som er varmt og godt. Eg bloggar medan Hans Jakob står i kø på Starbucks. Håper alle har det bra heime og! Planen er å verte her i Vegas i ei veke framover, og så får vi sjå kva som skjer etter det.. Klem frå oss

San Diego - Las Vegas

I dag har vi hatt vår første test på roadtripkondisen. Første etappe i bilen er unnagjort og det gjekk greitt. Vegen var lagt innom eit outlet mall midt i ørkenen. Det er bra vi deler den felles interessa for sjopping! Vi gjer stadig vekk kjekke kupp, som i dag då Hans Jakob fekk seg nye conversesko til 7 USD. Med andre ord omlag 49 NOK med ein litt høg kurs!




Turen vidare gjekk gjennom ørkenen og det har vi fått kjenne på kroppen. Etter eit par timar i bilen var temperaturen ute gått opp om lag 15 grader, og det var ein varm vegg som slo mot oss då vi kom ut. Det er deilig med varmt ver! Ørkenen var flott å sjå på med spanande fjellformasjonar, knall blå himmel, mykje grus, saltsjøar og dårlege vegar.



Vel framme har vi flytta inn på hotellrommet. Utforskinga av Las Vegas får vi ta i morgon, no er eg klar for å sove. Igjen.