mandag 21. september 2009

Haust


Var ein kjapp tur heime i helga. Køyrte nedover fredag med kjekt selskap av Britt i bilen. Laurdag var vi på kyrkjemessa (ordentlig basar), men hovudsaken til at eg var heime skjedde søndag. Pappa hadde si siste gudsteneste i Sykkylven kyrkje, og der var det åtte barnedåp, full kyrkje og avskjedsfest. Både kjekt og litt rart på same tid.. Etter gudstenesta reiste eg vidare til Volda for å levere frå meg bilen til svigermor som vi har lånt heilt sidan januar. Tusen takk for lånet! No er eg tilbake i Trondheim og her går det i skule, eplejuice-pressing (var på epleslang i hagen heime), planlegging av haust-tur til Oslo og jobb. Ha ei god veke!

mandag 14. september 2009

Brudlaupsreise 2010

Då er billettane booka, vi reiser til New York og California/Nevada i fire veker til sommaren! Vi gler oss til roadtrip!

torsdag 10. september 2009

Short is the new long

I ein ubevakta augneblink tok eg mot til meg, sette ledninga i støpselet og let det stå til. Resultatet vart som fylgjer:



Etter reaksjonane å dømme hev eg i alle høve fått forstå at folk likte sveisen min før. Det er då noko.

Kva som eigentleg fekk meg til å snaue sveisen sist onsdag, hev ikkje gått opp for meg før eg gjekk gjennom ein del gamle bilete for å finne eit "før"-bilete til "før-og-etter"-bilete eg hadde tenkt å poste på bloggen.

Det manglar nemleg ikkje på inspirasjonskjelder i familien. Sjå berre her:


Mor


Far og nevø nr 1


Nevø nr 2


Bjørnar


Rut


Odd Erling


Visste de forresten at alt håret på kroppen tilsaman veks omlag 53 meter for dagen?