torsdag 25. juni 2009

Gjensynsglede

Det var så kjekt å sjå kvarandre att etter ferien at vi måtte feire med litt frisbeegolf på Lade og litt longboard i bakken nedanfor Dragvoll på søndag. Dette vart ein herleg feriedag før Hans Jakob starta å jobbe att på mandag.





tirsdag 23. juni 2009

Chania, Kreta

Som de kan sjå på innlegget under har Hans Jakob vore på gutetur, så då vart det jentetur på meg :) Eg er heldig som har tre søstre å invitere med på tur. To av tre, Heidi og Solveig, hadde høve til å vere med! Soling, bading, lesing, eting, shopping og avslapping var ingrediensane for ein herleg jentetur!

På tur langs stranda. Steinar i fleire fasongar.


Lenge til vi bestillar grilled mixed plate for three.
Nok mat vart det i alle høve!

Frukost på markterassen

Chania havn


Middag på Fortessa på piren.

Siste kveld og bordtennisturnering.
Heidi på 1. plass, Solveig på 2. plass og eg på siste.

mandag 22. juni 2009

Vel heime etter ei veke ”på åra” med Ole Kristian. Her er nokre glimt frå turen som tok oss mellom sørlandsk skjærgård og forvilla småvilt frå Homborsund til Lyngør i kajakk.



lørdag 6. juni 2009

Sommarferie

Vi har ferie! Hans Jakob vart ferdig med eksamen i går! Og både eg og Hans Jakob gler oss storvegs over det! I helga har vi besøk av Solveig som har fått sponsa tur til Trondheim av St. Olavs hospital for å vere med i eit forskingsprosjekt! Det nyt vi godt av som får ha henne her hos oss! Eg får elles gleda over å vere mykje meir med henne i næraste framtid, for då reiser ho, Heidi og eg til SYDEN! Det gler vi oss og til! Hans Jakob skal på gutetur.

Men, det som opptek oss mest for tida er dei to siste nyervervingane :) Hans Jakob fekk sitt for nokre veker sidan, og eg fekk mitt i dag. Gjett kva? Sjå under.

De kan gjette kva som er mitt og kva som er Hans Jakob sitt :)

Griptapen må leggast på. Siste hand på verket!



Godt nøgd med resultatet!

Første prøvekøyring! Har ingen L, men har hjelm.


Hans Jakob er dreven.
Han har køyrt mange gongar frå Dragvoll og heim att!
Det har eg og, men med bil :)

God sommar!