onsdag 30. juni 2010

Longing for a long life

Dagane startar tidleg for (delar av) ekteparet Hunnes på tur. "Solan" sprett opp omkring kl 07.00 og hoppar i dusjen etter at ho har sett på TV'en. Denne står som regel på ESPN, noko som resulterar i at "Ludvigen" stikk nasen fram frå teppedyna når sendinga frå fotball-VM startar kl 07.30. Så er det frukost på senga medan dagsplanen forhandlast fram og skrivast ned. Deretter labbar "Ludvig" i dusjen medan "Solan" lagar niste og fyllar kjølebagen med drikke. "Ludvig", som omsider er ferdig med dusj og deiling framfor spegelen, plottar inn den no reviderte dagsplanen på GPS'en og dei er klare for avgang kl 09.30.

I dag gjekk turen til Misson Bay og surfetimar. Der fekk me nokre timar i vatnet med instruksjon av ein triveleg kar som heitte Brendon. Det gjekk såpass bra at me satsar på sjølvstudium i morgon.

Etterpå reiste me til ei skate-sjappe langt ute i ingenmannsland for at underteiknande skulle få seg nytt longboard. Etter å ha overprøvd GPS'en fleire gongar gjekk me til slutt inn i det som skulle vere den oppgitte adressa, men som såg meir ut som kulissane i "The Office" enn ein skatebutikk. Der sto det ein triveleg type og monterte longboard. Han sa han hadde det litt travelt, men at eg kunne få eit brett same dagen om eg kunne sette saman brettet sjølv. Berre gjer det eg gjer sa han utan å introdusere seg eller spørre kven eg var. Så der stod eg plutseleg, i eit kontorlokale ein stad lang utanfor San Diego med ein fyr eg ikkje ante kven var og monterte longboard. Elisabeth sendte han ut for å "entertain'e seg sjølv" med eit longboard. Det heile vart ei svært triveleg og lærerik affere, som enda med at eg fekk meg eit nytt og sjølvlaga longboard av typen Loaded Dervish.

Vel heime vart det ein tur på treningssenteret før eg sette meg ned for å oppdatere bloggen og morgonfuglen fann senga og sovna så lang som ho var. Nett i sta snudde ho litt på seg, smilte og mumla "aha!" og så sov ho vidare. Kva den lyse idèen var får me nok aldri vite, men ein ting er sikkert: Hon är så söt när hon sover...

tirsdag 29. juni 2010

Nøgd


Så nøgd med den nye vinterjakka mi at eg berre måtte vise den fram..

Ei veke har gått

I dag er det mandag, og det vil seie at det er ei veke sidan vi landa i New York. Tida går fort. Til no har det gått mest i sightseeing og sjopping, så i dag var det på tide med litt aktivitet. Dagen starta for min sin del på treningssenteret på hotellet. Der fekk eg prøve ein litt annan standard enn på treningssenteret til NTNU. Her var det handklede til utlån, apparat så langt auge kunne rekke og høgdepunktet, TV som eg kunne kople høyretelefonane på! Det finst visst slik i Noreg og etter det eg har høyrt, og eg gler meg til eg kan verte voksen å trene der :) TV gir mykje motivasjon!

Etter dette køyrte vi til Mission Bay Public Golf Course, og der fekk Hans Jakob prøvd ut sine virtuelle erfaringar etter timar med golfspeling saman med Tiger Woods på X-boksen vår heime. Dessverre var han nok ikkje like god live som i X-boks-spelet, men likevel god nok til å slå meg :)

Då vi skulle til å ta bilete av golfsvingen, oppdaga vi at minnekortet satt igjen i datamaskina. Difor vert det dårleg med bilete i dag.

Etter ni hol på golfbana sette vi kursen mot to ulike scrapbookbutikkar, noko eg har gleda meg til lenge! Butikkane gjekk Panduro ein høg gang og eg har fått kjøpt meg mykje kjekt til scrapbookinga! Meir oppdatering for spesielt interesserte lesarar (les: Lina og Marianne) kjem på eglagar.

I morgon er planen å surfe. Vi håpar på sol. Det har det vore dårleg med til no.

mandag 28. juni 2010

Mission Beach

I dag hev me traska omkring i Mission Bay-området i San Diego. Her er det store parkområder, offwhite-kvite strender og små surfesjapper som formeleg renn over av solbrune surfe-dude'ar med hempsmykker og sandalar. Me freister å ta til å oss av den tilbakelente sandal-livsstilen, men likar førebels tilbakeleninga betre enn sandalane. Etter nokre km i flipp-floppar hadde huda mellom storetåa og peiketåa til underteiknande fått meir enn nok..

Resten av dagen gjekk med til sjopping (på sjølvaste kviledagen) og booking av surfetimar. Det vert på tysdag, så i morgon (måndag) tenkjer me å slå i hel ventetida med eit slag golf eller to. Jammen er det godt å vere kapitalistturist!




Rask matprat

Me var ein tur innom T.G.I. Friday's (tilsvarande Egon i Noreg) for å ete ein sein lunch i dag. På menyane der står det oppgitt kor mange kilokaloriar som gøymer seg i kvar rett.. Hjelpe meg! Ein anbefalt 3-retters hadde til dømes: nachos-tallerken til forret, biff til hovudrett, iskrem med ostekake til dessert og, hald deg fast, 4400 Kcal energi til køyreturen heim!

søndag 27. juni 2010

Matprat

Fleire har kommentert matpratet vårt. Dagen i dag avslutta vi på ein butikk som overgår Meny og Ultra på alle moglege måtar. Utvalet innanfor kjernesunn mat er fantastisk. Frukt og grønsaker er stabla i radrette pyramider. Det er ferskvarediskar kvar enn ein snur seg. Og ein kan kjøpe varm middag, salat og meire til i lausvekt. Besøket resulterte i SUNN takeaway-middag til Elisabeth, herleg Tropicana appelsin, mango og fersken-juice, grønsaker til sandwichane våre og tilslutt litt av ein herleg organisk is. Vi er Whole Foods-frelst!


Før dette butikkbesøket var vi på Las Americas outlet mall og sjoppa litt meir! Kjøpesenteret ligg heilt på grensa til Mexico, faktisk så nærme at til og med kan kalle det eit steinkast unna. Det tek berre tjue minutt å køyre dit, så San Diego ligg faktisk ganske nærme grensa. Det merkar vi og på at omtrent alle snakkar spansk her, i tillegg til at det på mest alle radiokanalar vert spelt latin-amerikansk musikk. Skuldrane mine har senka seg betrakteleg som passasjer i doningen, så no kan eg både høyre på musikk og vere GPS-assistent samstundes. Eg ser derimot mørkt på benisinforbruket sidan vi allereie har brukt ein 1/4 tank. Dessuten har Hans Jakob oppdaga ein sportsfunksjon som gjer at bilen kan køyre enda fortare og sluke enda meir bensin. Jaja.

Nett no ligg Hans Jakob i senga og sovnar til ESPN (sportskanalen), medan eg sit og bloggar. Det er kjekt at så mange følgar oss på bloggen. Det gjev motivasjon til å halde fram med daglege oppdateringar! Vi har forresten ny dagsrekord i besøkande på bloggen i dag! 86 stk har vore innom! Stas!

lørdag 26. juni 2010

Å hjul med din glede

Vi hadde i utgangspunktet bestilt ein midsize-SUV til dei dagane me skal tilbringe på hjul i California/Nevada. Meeeen når me kom til Alamo fekk eg på ein eller annan måte formidla til kona og dama bak disken at me kanskje burde oppgradere litt sidan me trass alt skulle vere heile 27 dagar på road trip. Ooooog når me først oppgraderar, kan me kanskje gjere det skikkeleg? Det heile enda opp med ein bil i klassa luxury-SUV av typen Cadillac SRX. Ganske overraskande var "the selling point" for Elisabeth at bilen hadde ein skjerm til å trekke over bagasjen i bagasjerommet. 'Ja, det er veeeeldig viktig!' poengterte den snartenkte ektemannen. Luksus-lettveltabil vart det.

Gårsdagen gjekk med til å finne ut av alle dei artige løysingane bilfabrikkanten hev for at amerikanske luksusdyr ikkje skal trenge løfte meir enn ein finger.
  • Handbrekket er elektrisk og opereast vha ein knapp på dæsjbordet.
  • Dørene låsar seg automatisk når du set bilen i "drive".
  • Det er tilstrekkeleg at nøkkelen ligg i bilen for at den kan startast med startknappen på dæsjbordet.
  • Soltaket (som forøvrig går heile vegen bak til bagasjerommet) er sjølvsagt elektrisk og blendast automatisk vha ein sensor i glaset.
  • Bagasjeromsdøra opnast (og lukkast!) med ein knapp på nøkkelen.
  • Bilen stoggar om den trur du skulle til å rygge på noko.
  • Dei elektriske skinnseta kan regulerast i 18 ulike retningar. Noko Elisabeth veit å gjere god nytte av.

Bilen går så det susar og slukar nok nokre kvadratmeter regnskog på mila. Jammen godt me brettar og stappar mjølkekartongar heime..

Sjopping

Dagen i dag starta med fotballkamp kl 0700. Hans Jakob får verkeleg prøvd seg på å sjå fotball til alle døgnets tider no, og eg tykkjer at kamp kl 0700 er mykje betre enn kl 1000. Då får vi mykje ut av dagen!

Og det vil eg seie at vi har fått i dag. Med høg fart (puls) har vi (eg) køyrt (vore passasjer) i bilen. Og med GPS er det ingen sak og navigere. Eg er glad eg slepp å vere kartlesar. GPSen førte oss direkte til Wal*Mart der vi gjorde store innkjøp til ein billeg penge! No har vi fryseboks i bilen som til ei kvar tid skal vere full av god drikke, pålegg og snop. Vi har og fått nye og billege toalettsaker, og vi hadde stadig vekk problem med å velge mellom alle smakane, luktene og storleikane på t.d. sjampo, barberskum, tannkrem osb.

Etter Wal*Mart reiste vi til to ulike Ross-butikkar, ein Marshalls og aller sist til Las Americas outlet-kjøpesenter. På desse butikkane var målet å finne klede til ferien. Det gjorde vi! Sjå berre her!


PS1: Hans Jakob lovar å komme sterkare tilbake med blogginnlegg om bilen i morgon!
PS2: Om du trykkar på bildemontasjane vi legg ut vert dei større!

PS3: Vi har ete heimelaga sandwich med kalkunskinke, ost og sennep. Snop type Starburst og Twisslers. Vatn med smak, jordbær-fanta og Dr. Pepper. Og sjølvsagt hamburgar frå MacDonalds.

fredag 25. juni 2010

Framme i San Diego

Berre ei kort og bildelaus oppdatering i dag. Hev kome oss til San Diego etter ein SKUMMEL flytur frå NYC. Rett etter take-off la piloten brått om kursen og svinga ein heil del gongar fram og tilbake. Det heile virka veldig lite føremålstenleg. Brått kom me inn i eit område med kjempeturbulens og flyet droppa over 200 meter. Skikkeleg magedrag! Etterpå kunne piloten fortelje at det hadde kome eit fly inn til NYC utan radiokontakt og at alle andre fly difor brått hadde vorte sendt bort ifrå luftrommet over Manhattan. For vår del betydde det at me kom inn på ein kurs med litt meir turbulens enn det to turtelduer med eit ynskje om eit longt liv sette pris på.

Men i San Diego venta det ei gledeleg overrasking for dei (den) bilglade av oss. Meir om det i morgon..

torsdag 24. juni 2010

USA 2010 - New York dag 2

Rollene er bytta om. Hans Jakob står i dag for illustrasjonane, og eg skal prøve meg på å gi nokre utfyllande kommentarar.

Gårsdagen i går gav oss eit visst overblikk over byen og alt vi (les Elisabeth) skulle rekke i dag. Så medan Hans Jakob såg på TV i går kveld, nytta eg høvet til å lage eit stramt program for dagen i dag.

Morgontur på Brooklyn Bridge med utsikt mot Manhattan skyline inkludert stor fare for å verte påkøyrd av hissige syklistar, gjorde godt før frukost og fotball-VM på hotellrommet. Dama på bakeriet der vi kjøpte bagels i går kjente oss att i dag. Så i morgon kan vi seie "det vanlege" når vi skal bestille. Så lett er det å verte stamkundar.



Første stopp var FN-bygninga. Der kunne vi ha gått på guida tour, men sidan vi ikkje fekk gå for oss sjølv, og i staden for måtte følgje ein guide i over ein time, nøgde vi oss med gratisutsillinga frå Haiti. Den brukte vi etter mi meining akkurat passe lang tid på. Viktig og halde seg til skjema!


Frå arbeid for fred i verda og tragedie på Haiti hos FN gjekk vi mot Times Square, 5th avenue og Madison avenue for litt påfyll av alt vi nyt godt av i den vestlege verda. Til dømes kunne vi få M&Ms i alle moglege fargar og også som alt mogleg anna i deira concept store. Eigentleg utruleg at nokon kan vere interessert i å kjøpe dobbelt sengesett inkludert sengeteppe med M&Ms-mønster?!



Etter å ha vindaugskika hos blant anna Abercrombie & Fitch (du hadde rett i at dei verkeleg var kjekke dei som jobba der, Solveig), Prada, Gucci, Louis Vuitton, Calvin Klein og DKNY var det behov for å fylle tomme magar med noko av det New York har å by på. Pretzle har stått høgt på ønskelista mi over ting å ete i NY og innfridde absolutt ikkje til forventningane. Det gjorde derimot jordbæra med whipped cream som vi fekk gratis på eit gatehjørne. Vi har elles ete dette i dag:

- pretzle før frukost
- bagels og peanøttsmør til frukost saman med mango madness snapple og vitamin water
- after eight og twisslers saman med VM-kampen
- subway (igjen) til lunsj
- iskaffe frå starbucks
- cheeseburger og cola frå macern
- M&Ms gjennom heile dagen


Etter intens leiting etter eit museum vi aldri fant tok vi i staden for turen opp i Rockandrollefeller center med god utsikt over byen. Og det var vel verdt turen. Kjekt å sjå kor stor byen faktisk er, og ganske rart å vere så høgt oppe. Vi måtte og sjølvsagt dytte og plukke litt på Empire State Building, som vi likar å gjere med store sjåverdigheiter.


Dagen avslutta vi på Broadway med West Side Story. Hans Jakob har ved hjelp av meg nok ein gong utvida sine horisontar og syns faktisk det var kjekt å sjå folk synge og danse i opptil fleire timar! Eg er nøgd med eigen overtalingsinnsats og kunne difor kose meg med alle sangane som eg kunne synge med på (inni meg).



I morgon set vi kursen mot San Diego. Vi er klare for California!

PS: Kommentarane vart visst meir enn nok utfyllande.

onsdag 23. juni 2010

USA 2010 - New York

Illustrations by Elisabeth Hunnes
Words by Hans Jakob Hunnes


I skrivande stund sit underteiknande og ser på vm-høgdepunkt med klønete amerikanske kommentarar. At Donovan er "just as good, if not better than Messi" er vel, i beste høve, for naiv patriotisme å rekne.

Turen over dammen gjekk knirkefritt, forutan då ein passasjer tre rader framfor oss synkoperte i midtgangen. To gonger. Elisabeth sov og eg naut godt av det utmerka underhaldningstilbodet BA etter kvart hev fått snekra saman. Trur de ikkje dei hev "The Simpsons" i USA òg?



NYC dag 1

I dag hev vi rett og slett stort sett sett oss omkring i eplebyen. Me bur i Chinatown og vakna difor til lukta av krabbeklo, fiskeslo og utedo. Dagen starta med frukost på subway, kaffi på starbucks før me ordna nokre småting som GPS til leigebilen og kontantkort-mobiltelefonar på J&R. Deretter sightsåg me oss litt rundt downtown før me tok gratisferga til Staten Island. Nydeleg utsikt til "skylinen" av NY, fridomsgudinna og Ellis Island. Dårleg med kaffi og sveler..

Me avrunda dagen med sjåpping og måping på 5th avenue og Times square. Og eg som syns Freia-skiltet på Egertorget var stasleg.



Maten me hev ete i dag:

- After eight (tax-free restar)
- 2 stk subways
- 2 stk 1/4-pounder - meny hjåRonald McDonald
- Twislers (raud lakris)
- Bagels x3
- Cola
- Iste
- Kaffi x 2
- Dougnut x 2
- Frappuccino

Kan nesten kjenne kor det tettnar i blodårene her eg sit og skriv.

mandag 7. juni 2010

Frisbeepiknik

Fredag var vår første heilt offisielle feriedag saman. Det markerte vi med eit slag frisbeegolf saman med Bendik, som og hadde sin første offisielle feriedag. Frisbeegolfbana på Lade har 9 hol som ein kan gå på to ulike måtar, og då vert det 18 hol til saman :) Vi tok same 9-hols-runde to gongar. Og for underteikna, vart det ny personleg rekord med 43 kast på 9 hol. Det skal seiast at banerekorden er 26 i følge ei klubbside på internett. Så då.. Eg har litt å øve på, men det skortar i alle høve ikkje på konsentrasjonen. Berre sjå biletet under..


Bendik og er konsentrert. Han debuterte innan frisbeegolf denne dagen, og gjorde det slettes ikkje verst.


Men han kasta utanfor bana, og då må litt gjerdeforsering til. Sidan gjerda har piggtråd på toppen valde Bendik vegen under gjerdet.



Eg klarte og å kaste utanfor. Berre sjå, eg er heilt på andre sida av gjerdet.


Hans Jakob og eg hadde pakka piknikkorg med juice, baguettar, jordbær og vassmelon.


Det var stort sett Hans Jakob som stod for bilettakinga. Men her har eg fanga han i ein augneblink der han høgst truleg fortel noko med stor innleving.


Og så til slutt eit blinkskot. Om eg kan få seie det sjølv :)


God ny veke til alle saman! Her går dagane i eitt, fordi det er ferie.