fredag 25. desember 2009

God jul!

Hans Jakob og eg ynskjer alle saman ei strålande og fredelig julehøgtid! Vi feirar vår første jul saman hos systra mi på Sandane. Resten av familien min er her og i skrivande stund vert 1. juledagsmiddagen førebudd. Vi skal ha kalkun i staden for lutefisk til Hans Jakob si store letting! I går hadde vi ein innhaldsrik dag planlagd av Simen-nevø. Bibelsti, julekrubbe i stallen og gåveopning var noko av innhaldet! Hans Jakob er strålande nøgd med kaffemaskina han fekk med meg, og eg er kanskje enda meir nøgd med scrapbookpengane og min nye onepiece-dress! I dag har vi kosa oss med plateinnspeling i studio west coast av Simen sin sjølvdikta julesang. Og kanskje vert det og både film og speling av vårt nye Dominion-spel! I morgon reiser vi til Volda og skal kose oss resten av jula der! Ha ei fortsatt god jul alle saman!

Vi var Maria og Josef i stallen!

God jul til dykk alle saman!

mandag 14. desember 2009

Kvil i fred

Eit viktig familiemedlem er ikkje lenger ein del av den vesle familien vår. Hans Jakob sin kjære Suzuki FZ vart stolen førre veke. Han vart og funnen att, og taua inn til Falck Trondheim. Og der skulle eg hente han i dag. Uheldigvis hadde nokon hatt det kjekt med å prøve å kople ledningane for å få start på mopeden. Dei var røska ut både her og der, så det var ikkje nokon vits i å prøve å reparere han. Difor, til ære for Hans Jakob sin kjære FZ, ei lita biletframsyning til minne om ein god kamerat som no er på veg til vrakhaugen.

onsdag 9. desember 2009

Stort

Kva er stort? Hendingane dei tre siste dagane.

Mandag gjorde eg ferdig bachelorgrada mi i pedagogikk og kommunikasjon, så no kunne eg ha vore ferdig utdanna om eg ville. Det vil eg ikkje, men eg skal ha eit halvår fri før masteren startar til hausten.

Tysdag naut eg det å ha juleferie i fulle drag.

Onsdag, altså i dag, fekk eg meg jobb. Eg vert å finne på Møller Kompetansesenter etter jul i eit 100% vikariat på elevheimen der. Det inneber for det meste dagvakter, nokre seinvakter og nokre få helger. Eg er veldig nøgd med å ha fått ein jobb som eg allereie kjenner, men med litt meir ansvar enn som tilkallingsvikar.

Alt dette feira vi med tur på kafé i dag, etter ein liten julegåveinnspurt. Kjempekjekt!

I morgon, torsdag, skal eg fortsetje å nyte det å ha juleferie i fulle drag, med saum og handballkampen i bakgrunnen! Nett no er livet stort!

lørdag 5. desember 2009

Ønskelister

Om du er av dei som lurer på kva vi ønsker oss til jul, så kan du sjå til høgre litt ned på sida. Vi har kvar våre ønskelister og ei felles og :)
Dei vert noko meir utfylde etterkvart som det nærmar seg jul!

torsdag 3. desember 2009

Eksamenslesing

Ja, det er framleis eksamenslesinga og forkjølinga som pregar heimen! Men no er eg faktisk i gong med å lese til årets siste eksamen, og forhåpentleg siste eksamen på nærare eit år, i tillegg til at forkjølinga nesten har gitt seg. Mandag hadde eg eksamen i PED1000 - Moderne barndom der eg skreiv om barnehagens utvikling og framvekst frå 1800-talet og fram til i dag, i tillegg til at vi leverte bacheloroppgåva som vi har arbeidd med i heile haust. I går fullførte eg PED1001 - Pedagogisk filosofi og idéhistori med eit essay om Rousseau og Foucaults syn på oppseding. Det utgjer 37,5 studiepoeng av haustens 52,5 poeng. No er det lesing i PED1002 - Pedagogisk psykologi og utviklingspykologi som gjenstår. Eksamen er på mandag og nett no kom motivasjonen til meg. Eg kom på å sette på sangane vi sang i Dynamis på Sagavoll. Eg les, skriv inn notatar på dataen og syng med for full hals ("are you ready for your blessing?") og synst dermed det fortente eit blogginnlegg. Brått vart det så kjekt! :) Dessutan les eg om barnets tidlige sosiale og språklege utvikling, og faktisk er det ganske interessant. Visste du at barn som berre er 15 minutter gamle kan gjere same grimaser som mor eller far dersom det får høve til det og god nok tid?

Kanskje kan det forresten verke som det berre er liv i den eine halvdelen av ekteparet Hunnes. Hans Jakob er flink student og er lenge på skulen kvar dag. Elles går det i jobb og trening for hans vedkomande. Så han har det bra han og :)

Ha ein herleg dag alle saman! Min vart brått mykje betre!